Ny strategi for foreldrestøtte
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet
Nyheit | Dato: 29.06.2018
Å gi hjelp og støtte til foreldre er noko av det viktigaste vi kan gjere for å førebygge vald og omsorgssvikt. Den nye strategien for foreldrestøtte skal vise retning for korleis vi kan gi god og riktig hjelp til alle foreldre som treng det.
- Foreldre er dei viktigaste omsorgspersonane i barna sine liv. Derfor har regjeringa laga ein strategi for foreldrestøttande tiltak – den første i sitt slag. Målet er at alle foreldre skal vite kvar dei kan få hjelp og støtte når dei møter på utfordringar. Trygge foreldre gir trygge barn, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.
Tilbod til alle
Foreldrestøttestrategien vil innehalde tiltak for alle foreldre. Målet er at alle som har omsorg for barn skal vite kvar dei skal gå når dei er uroa, og det skal vere enkelt å finne fram til råd og rettleiing. Kommunane driv og eig dei fleste tenester foreldre møter, og det er viktig at helsestasjonar, skulehelsetenesten, fastlegar, barnevern, skuler og ikkje minst barnehagar har god oversikt over ulike tiltak som foreldre kan få tilbod om dersom dei har behov for det.
- Det er heilt vanleg å føle at ein ikkje strekk til som forelder. Det trur eg alle vi som har barn føler på av og til. Då er det viktig å vite at det er hjelp å få. Frå lågterskeltilbod som foreldrehverdag.no og kurs på familievernkontoret til målretta hjelpetiltak mot familiar som er ekstra utsette og sårbare. Å søke støtte skal ikkje vere forbunde med skam, seier statsråd Helleland.
34 ulike tiltak
Alle barn og unge i Noreg skal ha dei same rettane og mulegheitene til utvikling – uavhengig av foreldra sitt utgangspunkt. Strategien inneheld også tiltak for foreldre med særlege behov. Barn som veks opp med foreldre som har rusproblem eller psykisk sjukdom, eller lev i vedvarende fattigdom, kan ha eit vanskelegare utgangspunkt enn barn som ikkje gjer det.
- Verdas helseorganisasjon tilrår foreldrestøtte som eit av dei viktigaste verkemidla for å motverke vald, overgrep og omsorgssvikt. Foreldrestøtte kan spare familiane for lidingar, styrke oppvekstvilkåra for barn og unge og legge til rette for langvarige positive verknader for samfunnet, seier barne- og likestillingsministeren.
Strategien inneheld 34 tiltak som treff fem ulike departement. Strategien skal gjelde fram til 2021.