Statsbudsjettet 2019
Styrkjer innsatsen mot vald og overgrep ytterlegare
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet
Nyheit | Dato: 08.10.2018
Regjeringa føreslår å auke innsatsen i arbeidet med opptrappingsplanen mot vald og overgrep med 67 millionar kroner i 2019. I tillegg vert den samla satsinga for i år på om lag 825 millionar kroner vidareført.
- For ofte blir vald og overgrep mot barn avdekt altfor seint. Vi må gjere meir for å beskytte barn. Vi prioriterer derfor tidleg innsats og førebygging retta inn mot foreldre og tilsette i mellom anna skule og barnehage, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H), og legg til:
- Å gi hjelp og støtte til foreldre er noko av det viktigaste vi kan gjere for å førebyggje vald og omsorgssvikt. Foreldrestøtte blir av Verdas helseorganisasjon sett på som det mest effektive verkemiddel for å førebyggje vald og overgrep mot barn.
Statsråden understrekar at regjeringa prioriterer arbeidet mot vald og overgrep høgt.
- Vårt mål er at ingen barn skal oppleve vald og overgrep. Derfor er ein felles innsats på tvers av sektorar og tenester heilt avgjerande. Så lenge kvinner og barn blir utsette for vald kan vi ikkje kalle oss eit likestilt samfunn, seier barne- og likestillingsministeren.
Auken på 67 millionar kroner er føreslått fordelt slik:
- 22 mill. kroner til det foreldrestøttande arbeidet, særleg retta mot minoritetar (BLD)
- 5 mill. kroner til støtteverktøy i kommunane som skal gjere det lettare å oppdage og følgje opp utsette barn (BLD)
- 4 mill. kroner til å førebyggje vald og overgrep i folkehelsearbeidet (HOD)
- 19 mill. kroner til styrking av behandlingstilbodet for personar som er dømde for seksuelle overgrep (HOD)
- 17 mill. kroner til å styrkje arbeidet mot mobbing (KD)