Statsbudsjettet 2020
Vil auke innsatsen for sårbare barn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 07.10.2019
Regjeringa føreslår å styrkje innsatsen mot vald og overgrep med ytterlegare 54 millionar kroner til opptrappingsplanen mot vald og overgrep. Regjeringa held fram satsinga på barnevernet, og vil auke satsinga på kompetanse og hjelpetiltaksarbeid.
- Vald og overgrep er ein alvorleg trussel mot barn si helse og oppvekst. Målet vårt er at ingen barn skal bli utsette for dette. Barn er sårbare, og ofte blir vald og overgrep mot barn avdekka altfor seint. Vi må gjere meir for å beskytte barn, og vi vil prioritere tidleg innsats. Den samla satsinga på opptrappingsplanen til regjeringa mot vald og overgrep er no på over 1 milliard kroner, seier konstituert barne- og familieminister Olaug Vervik Bollestad (KrF).
Regjeringa føreslår å auke satsinga på opptrappingsplanen mot vald og overgrep med 54 millionar kroner i 2020 til desse tiltaka:
- 19 millionar kroner til å styrke behandling av personar som er dømde for seksuelle overgrep
- 12,5 millionar kroner til etablering av eit heilskapleg behandlingstilbod til personar som står i fare for å gjere seg skuldige i seksuelle overgrep mot barn
- 7 millionar kroner til å styrke Alternativ til Vold for blant anna å opprette eit tilbod i Finnmark
- 6,5 millionar kroner til å sikre bruk av opplæringsverktøyet SNAKKE og nettressursen "Eg veit" i kommunane. Desse tiltaka skal gjere det enklare å oppdage og følge opp barn som er utsette for vald og overgrep
- 3 millionar kroner til ein lågterskel-hjelpetelefon for foreldre. Mental Helse vil drifte telefonen, og Stine Sofies Stiftelse vil stå for opplæringa av dei tilsette
- 5 millionar kroner til forsking på førebygging av seksuelle overgrep mot barn
- 1 million kroner til forsking på krisesentertilbodet
Satsing på kompetanse og hjelpetiltak i barnevernet
- Regjeringa arbeider for eit betre barnevern for å sikre god hjelp til barn og familiar som er i ein utsett situasjon. Vi prioriterer førebyggjande arbeid og auka kompetanse i barnevernet. Vi vil også styrke løyvinga til institusjonstilbodet til barn og unge som har store omsorgs- og behandlingsbehov.
Regjeringa føreslår å styrke tilbodet om vidareutdanning til tilsette med rundt 7 millionar kroner. I tillegg føreslår regjeringa 2 millionar kroner til å utvide tilbodet om rettleiingssteam som skal hjelpe kommunar å få på plass betre barnevernstenester. Utfordringa er størst i dei tre nordligaste fylka. Kommunar i Nordland, Troms og Finnmark skal prioriterast.
- Å få hjelp så tidleg som mogleg kan setje sårbare foreldre i stand til å gje god omsorg for barna sine. Slik kan ein unngå den belastninga omsorgsovertaking er for barn, foreldre og også for samfunnet. Vi løyver 11 millionar kroner til å prøve ut nye tiltak for foreldrerettleiing og betre arbeidsprosessar i hjelpetiltaksarbeidet, seier Bollestad.
Enkelte barn og unge i barnevernet har eit meir omfattande behov for hjelp enn tidlegare. Derfor trengs det fleire skreddarsydde tiltak og det er eit auka behov for institusjonstiltak. Regjeringa føreslår å styrke løyvinga til institusjonstilbodet med over 300 millionar kroner til barn og unge som har store omsorgs- og behandlingsbehov.
Dei øyremerka midla til stillingar i det kommunale barnevernet blir førte vidare i 2020. Dei siste åra har regjeringa også auka dei økonomiske rammene til kommunane, og talet på stillingar i barnevernet har gått opp med 27 prosent frå 2013 til 2018.
Regjeringa har starta fleire tiltak innan barnevernet, og har nylig hatt forslag til ny barnevernslov ute på høyring. Det digitale løftet for det kommunale barnevernet vil halde fram. Regjeringa vil også fortsetje med å betre barnevernet sitt arbeid med barn som har gjort, eller står i fare for å gjere lovbrot.