48 millionar kroner til tiltak som hindrar ungdom i å falle utanfor
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 06.07.2020
Fleire tiltak over heile landet får no om lag 48 millionar kroner til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom. Tiltaka rettar seg mot ungdom i ein vanskeleg situasjon og skal hindre fråfall i skulen og betre sjansane på arbeidsmarknaden.
– Vi veit at ungdom som fell ut av skulen er meir utsette for å verte arbeidsledige eller ende opp som mottakarar av offentlege stønadar enn dei som fullfører. Gjennom los-ordninga får ungdom som treng det personleg og tilrettelagt oppfølging. Målet er å styrkje tilknytinga til skulen, og ikkje minst trivselen og meistringa, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse (KrF).
Tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom blei etablert i 2014 og rettar seg mot ungdom mellom 12 og 24 år som er i ein vanskeleg livssituasjon. Problema kan vere knytt til omsorgssituasjonen heime, svakt sosialt nettverk eller helseproblem, og som har falt ut eller står i fare for å falle ut av vidaregåande skule. Losane følgjer opp desse ungdommane.
Gjennom tilskotsordninga vert det tildelt om lag 48 millionar kroner i 2020. Ettersom delar av løyvinga er bunde opp av allereie tildelte midlar i 2018 og 2019, vart det løyva 9,3 mill. kroner til nye søknadar i år.
Sjå oversikt over tiltaka som får støtte på Bufdir sine sider.