Etterslep i tenestene til sårbare barn og unge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 19.06.2020
Dei fleste tenestene til barn og unge er på veg mot ordinær drift igjen etter koronakrisen og det har blitt jobba godt med gjenopning. Likevel er koordineringsgruppa som ser på tilbodet til barn og unge uroa for at nedtstenginga har ført til opphoping av saker som vil kunne kome til barnevern, helseteneste, politi og andre fram i tid.
- Denne rapporten viser at trass i at tilbodet til barn og unge blei hardt råka av smitteverntiltaka er tenestene no på veg til normal drift igjen. Det er bra. Samstundes må vi følgje godt med på etterslepet, som kan bli utfordrande om det kjem fleire saker no som tenestene opnar opp igjen, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.
Her kan du lese femte rapport frå koordineringsgruppa.
I den femte rapporten har gruppa særleg sett på restansar i tenestetilbodet som ein følgje av covid-19. Spesielt helsetenestene opplever eit etterslep, og dei store kommunane er meir prega enn dei mindre. Helsetenestene varslar at dei i lang tid må vere i beredskap og at kapasiteten også framover vil bli påverka. Dette inneber at etterslepet vil kunne auke. Det vert også rapportert om etterslep når det gjeld saker i konfliktrådet og saker som skal førast i retten. Sidan fleire av tenestene er avhengige av tett samarbeid, kan etterslep i ei teneste påverke tilbodet i fleire tenester.
- Helsestasjonene og skolehelsetjenesten gjør en svært viktig jobb med å hjelpe barn og unge som har ulike behov. Nå som smittetallene er lave er det viktig at tjenesten så langt det lar seg gjøre går tilbake til normal drift slik at etterslepet ikke blir for stort, og flest mulig får hjelp, sier helse- og omsorgsminister Bent Høie.
Forventar auka pågang
Barnevern, politi, familievern og krisesenter rapporterer ein nedgang i saker. Det kan bety at fleire barn og unge kan ha levd med vald og overgrep ein periode. Gruppa er uroa for at nedstenginga av tilbodet til sårbare barn og unge kan ha ført til ei opphoping av saker som først blir synleg for tenestene framover i tid. Vi kan derfor forvente ein auka pågang når smitteverntiltaka gradvis vert oppheva. Koordinerings-gruppa er også uroa for ungdom med behov for framtidige tenester frå NAV.
- No er det viktig at vi lærer frå koronakrisa, og at vi er her for dei som ikkje har blitt fanga opp under nedstenginga. Eg vil oppfordre kommunane til å styrke samarbeidet mellom tenestene, slik at sårbare barn og unge vert fanga opp. Det er også viktig at tenestene er førebudde på å møte auken i saker når samfunnet opnar opp igjen, seier barne- og familieministeren.
Koordineringsgruppa
Koordineringsgruppa har vurdert tenestetilbodet til sårbare barn og unge gjennom heile koronakrisa. Dei tidlegare rapportane frå gruppa viste at delar av tenestetilbodet til barn og unge blei hardt råka av pandemien. Fleire tenester erfarer no at terskelen for å be om hjelp har blitt høgare. Nesten alle tenestene har framleis færre henvendelsar enn normalt.
Koordineringsgruppa vert leia av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og har representantar frå Folkehelseinstituttet (FHI), Helsedirektoratet (Hdir), Utdanningsdirektoratet (Udir), Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), Politidirektoratet (POD), Sekretariatet for konfliktrådene (SfK) og NAV. Gruppen rapporterer jevnlig på tjenestetilbudet til sårbare barn og unge under koronapandemien. I arbeidet er gruppa i dialog med Barneombodet, Likestillings- og diskriminieringsombodet og andre sentrale organisasjonar.