Høyring av mellombels endringar i regelverket for tilskota til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar som følgje av covid-19
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 02.10.2020
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har i dag sendt på høyring eit forslag om mellombels forskrift om endringar i forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner som følge av covid-19.
Gjennom forslaget vil ikkje 2020 nyttast som grunnlagsår for tildeling av nasjonal grunnstøtte, internasjonal grunnstøtte og etableringstilskot.
Fleire organisasjonar har meldt frå om at 2020 har blitt eit annleis år som følgje av covid-19, og mange har hatt vanskar med å halde aktiviteten oppe.
I forslaget som er sendt på høyring er det difor føreslått å ikkje bruke 2020 som grunnlagsår. For den nasjonale grunnstøtta er det føreslått ein hovudregel om å nytte grunnlagstala frå 2019 i staden. For den internasjonale grunnstøtta er forslaget å nytte gjennomsnittet av 2017 til 2019.
Fleire detaljar finn de her (Bufdir.no)
Høyringsfristen er 13. november 2020.