Inviterte næringsliv og sosiale entreprenørar til workshop
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 01.09.2020
Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen inviterte i dag aktørar frå næringsliv og sosiale entreprenørar til ein workshop for å diskutere vegen til arbeid for ungdom og foreldre i låginntektsfamiliar.
- Ei viktig årsak til at barn og ungdom lever med dårleg økonomi, er at foreldra ofte har svak tilknyting til arbeidslivet. Vegen til jobb kan vere ein prosess, for nokon tek det lang tid. Det kan til dømes vere å ta til med lokal, frivillig innsats i nabolaget. Når foreldre tek ei aktiv rolle i samfunnet, er det enklare for barna å ta same rolle. Dei blir positive rollemodellar for barna sine, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Regjeringa arbeider med ein ny samarbeidsstrategi for barn og ungdom som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Eit mål for strategien er å motarbeide at låg inntekt går i arv ved å styrke sosial mobilitet gjennom oppveksten. Difor legg strategien vekt på auka deltaking for barn og ungdom på arenaer som mellom anna barnehage, skule, SFO, nærmiljø, fritidsaktivitetar, og i arbeidslivet.
- Unge som treng hjelp skal ikkje gå passive, men verte fanga opp så fort som mogleg. Dei skal bli følgt opp tettare, avklart tidlegare og raskare kome ut i jobb eller skule, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.
Målet med workshopen var å samle deltakarar som spelar ei viktig rolle for å inkludere i arbeidslivet. Aktørar frå offentleg verksemd, næringsliv, sosiale entreprenørar og frivillige organisasjonar diskuterte nye grep for å styrke samarbeidet blant sektorar og verksemder i dette viktige arbeidet.
Deltakarane på workshopen kom med nyttige innspel i det vidare arbeidet for å hindre utanforskap og fremje inkludering i arbeidslivet. Ein av dei var David Adampour som er kjøpmann på Rema 1000 i Torggata i Oslo. Han har vunne prisar for sitt arbeid for etnisk mangfald på arbeidsplassen.
- Eg synes det er positivt å delta her i dag, for å utveksle og dele kunnskap og synspunkt med andre aktørar om korleis vi kan gi dei som vanlegvis ikkje får moglegheita ein plass i arbeidslivet, seier Adampour.
Barne- og familieministeren blei inspirert av deltakarane.
- Å inkludere i arbeidslivet kan vere vanskeleg, men det er store gevinstar å hente. Vi kan utnytte ferdigheitene, ideane og ressursane til kvarandre betre for å inkludere fleire i aktivitet og arbeid. Erfaringane til alle som har vore med her i dag er viktig for å lukkast. Eg ser fram til det vidare samarbeidet med frivilligheit, næringsliv og sosiale entreprenørar. Eg trur vi saman har kraft til å oppnå gode resultat, seier Ropstad.