Kommunar frå heile landet får tilskot til ferie- og fritidsaktivitetar for barn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 18.05.2020
Over 150 millionar kroner er no delt ut til 249 kommunar over heile landet. Pengane skal gå til tiltak som bidreg til inkludering av alle barn og unge gjennom ferie- og fritidsaktivitetar og alternative mestringsarenaer.
- Barn og unge har hatt ein veldig annleis vår i år, med stengte skular og barnehagar og ingen fritidsaktivitetar på mange veker. For mange har det vore vanskeleg. Derfor er eg ekstra glad for at vi tildeler desse pengane i år. Dei skal bidra til å gi barn og unge over heile landet gode opplevingar saman med andre, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.
Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge er i år på rundt 310 millionar kroner. Tidlegare har frivillige organisasjonar som har søkt direkte til Bufdir, inkludert Røde Kors, Blå Kors og Kirkens Bymisjon fått tildelt over 150 millionar kroner. I denne runda går pengane til enkelttiltak som søker gjennom kommunen. Pengane går til alt frå gratis utlån av sportsutstyr og ferieturar til arbeidstrening i kafé, til festivalar og bandleirar.
Sjå oversikt over tildelingane på Bufdir sine nettsider.
- Fritidsaktivitetar er ein stadig viktigare del av det sosiale livet til barn og unge. På fritida lærer barn nye ting, finn stader å høyre til og vennskap som kan vare livet ut. Derfor er det så viktig at det er mogleg for alle å delta, uavhengig av kor mykje foreldra tener eller kva bakgrunn dei har, seier statsråden.
Regjeringa har og foreslått å auke løyvingane i denne tilskotsordninga med 53 millionar kroner i RNB. Dette er ein del av forslaget om tiltakspakke for sårbare barn og unge. Midlane skal gå til tiltak i regi av ulike organisasjonar som gir eit tilbod om ferie- og fritidsaktivitetar til sårbare barn og unge.