Mellombelse unntak frå barnetrygdlova og kontantstøttelova
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 19.06.2020
Stortinget har vedteke mellombelse unntak frå barnetrygdlova og kontantstøttelova. Unntaka skal hindre at foreldre mistar barnetrygd og kontantstøtte fordi dei er på ferie i utlandet og ikkje kan reise tilbake til Noreg som planlagt på grunn av covid-19-utbrotet.
Barnetrygd og kontantstøtte fell vanlegvis vekk viss barnet oppheld seg i utlandet meir enn tre månader. På grunn av covid-19-utbrotet kan det oppstå tilfelle der familiar på ferie i utlandet ikkje klarer å kome seg tilbake til Norge som planlagt. Viss opphaldet i utlandet varer lenger enn tre månader, vil barnetrygd og kontantstøtte bli stansa etter dei ordinære reglane.
- Vi meiner at det ikkje er rimeleg at familiar skal miste stønaden viss dei på grunn av pandemien må opphalde seg lenger i utlandet enn dei hadde tenkt. Vi la derfor fram eit lovforslag om mellombelse unntak slik at desse familiane likevel kan behalde barnetrygda og kontantstøtta. Eg er glad for at Stortinget har støtta vårt framlegg til mellombelse endringar, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse (KrF).
Unntaka vil gjelde dei som på grunn av covid-19-pandemien ikkje får reist tilbake til Noreg som planlagt. Dette er familiar som fortsatt ville fått barnetrygd og kontantstøtte viss dei hadde hatt moglegheit til å reise tilbake til Noreg som planlagt innan tre månader. Familiar som uansett hadde planlagt eit lengre utanlandsopphald, får ikkje rett til stønad etter dei mellombelse unntaksreglane.