Revidert nasjonalbudsjett
No går 53 millionar kroner ut til frivillige organisasjonar til hjelp og støtte for sårbare barn og familiar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 02.07.2020
Koronakrisa har ført til auka pågang frå barn og foreldre som treng råd knytt til mellom anna vald og overgrep. I tillegg er det færre ferietiltak enn vanleg til sårbare barn og familiane deira på grunn av koronakrisa. No kjem ekstra pengar som sikrar eit godt ferietilbod til ungane og gode rådgivingstenester til heile familien.
– Vi veit at koronakrisa rammar hardast dei som allereie er utsette og sårbare. Difor er eg glad for at det no går pengar ut til ferieaktivitetar for barn og unge og til rådgjevingstilbod knytt til vald, overgrep og mental helse, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse (KrF).
– Eg har sjølv vore på sommarleir som barn og det er skikkeleg gøy. Og vonar alle som vil får moglegheita til å få like gode sommarminne som meg, legg statsråden til.
Meir pengar til rådgjeving
Gjennom revidert nasjonalbudsjett er løyvingane til tiltak mot vald og overgrep auka med 1,8 millionar kroner. Pengane går til chattetenesten Foreldresupport som blir drifta av Mental Helse. Tenesta har opplevd stor auke i pågangen på grunn av koronakrisa. Midlane skal også nyttast til informasjonsvideoar for framandspråklege foreldre.
Noregs Røde Kors får sju millionar til samtaletilbodet Kors på Halsen, for å auke kapasiteten på chat og telefon til hjelp for barn og unge som ynskjer ein vaksen å prata med. Også denne tenesta har opplevd stor pågang under koronakrisa.
Frivilligheit er viktig i sommar
– Dei frivillige organisasjonane er svært viktige for å sikre ein god sommar for alle gjennom fritidsaktivitetar i feriemånadene. Midlane til både fysiske- og digitale ferie- og fritidsaktivitetar vart auka med 53 millionar kroner i revidert budsjett, slik at organisasjonane får høve til å tilby sårbare barn og unge ein fin ferie, seiar Røse.
Desse får no pengar:
- Blå Kors Norge: Blå Kors Ferie, Barnas Stasjon og Posebyen.
- Ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT)
- Aktivitetane til Røde Kors for barn og unge i sumar: digital leksehjelp og tiltaket Ferie for alle
- Tilbodet til Eineståande familiar om helge- og ferieaktivitetar i regi av IOGT i Noreg.
- Ferie- og helgetilbod i regi av Noregs KFUK-KFUM ved Forandringshuset
- Ferie- og fritidsaktivitetar i regi av Redd Barna
- Tiltaka til Kyrkjas Bymisjon i Drammen og Vestfold: FRI, Fritidshuset, Skattekammeret, Friminuttet og Camp Killingen.