Nye løyvingar til dialog og kunnskap på trus- og livssynsfeltet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 25.09.2020 | Sist oppdatert: 30.09.2020
Barne- og familiedepartementet gir 5,4 millionar kroner til dialogarbeid, samarbeid og kunnskapsutvikling på trus- og livssynsfeltet. Tilskotet skal fremje dialog og forståing mellom trussamfunn.
– Det er flott å sjå kor mange ulike prosjekt for dialog og kunnskapsutvikling trus- og livssynssamfunn og andre organisasjonar jobbar med der ute. Med dette engasjementet bidreg dei til eit meir livssynsope samfunn, seier trus- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Formålet med tilskotsordninga er å fremje gjensidig forståing og respekt for skilnader på trus- og livssynsområdet, og dyrke felles verdiar som demokrati, rettsstat og menneskerettar. Dette skal mellom anna skje gjennom å bidra til kunnskapsutvikling, samarbeid og dialog. Med ordninga ønskjer vi også å stimulere til auka samarbeid mellom kommunar og trus- og livssynssamfunn for å løyse sosiale og diakonale utfordringar.
I år kom det inn 32 søknadar. Av desse er det 25 organisasjonar som får tilskot til eitt eller fleire prosjekt. Samla tilskotsbeløp er 5,4 millionar kroner.
I vurderinga av søknadene har departementet lagt vekt på:
- at tiltaket bidreg til samarbeid mellom ulike trussamfunn/-retningar og bidreg til å førebygge polarisering og hatytringar
- at aktøren har kompetanse og erfaring frå liknande arbeid
- at planlegginga er kome langt nok til at det er sannsynleg at prosjektet kan gjennomførast komande år
- at det fins samarbeidsavtalar dersom tiltaket skal gjennomførast i samarbeid med andre organisasjonar
- departementet har og tatt omsyn til
- at tilskota blir fordelt mellom fleire typar organisasjonar
- at tiltaka har ei viss geografisk spreiing
- at tiltaka skjer i regi av, eller i samarbeid med, muslimske organisasjonar
Følgjande søkarar får tilskot:
- Kirkelig dialogsenter Oslo – 250 000 kroner
- Kirkelig dialogsenter Drammen – 200 000 kroner
- Kirkelig dialogsenter Trondheim – 200 000
- Kirkelig dialogsenter Bergen- 200 000 kroner
- Kirkelig dialogsenter Stavanger- 250 000 kroner
- STL Grenland - 50 000 kroner
- STL Bergen– 300 000 kroner
- STL Stavanger 100 000 kroner
- Forum for tro og livssyn Kristiansand – 200 000 kroner
- STL Oslo/nasjonalt – 300 000 kroner
- Dialogforum Østfold – 300 000 kroner
- STL Drammen og omegn- 200 000 kroner
- Muslimsk Råd Agder – 150 000 kroner
- Muslimsk dialognettverk Oslo – 200 000 kroner
- Det Islamske Forbundet (Rabita) - 250 000 kroner
- Pakistansk Kulturforening Skedsmo -100 000 kroner
- Kristiansand kommune – 150 000 kroner
- Lillestrøm kommune – 200 000 kroner
- Oslo kommune – 300 000 kroner
- Dialogpilotene – 400 000 kroner
- Info 123 – 250 000 kroner
- Abloom – 250 000 kroner
- Senter for omsorgsforskning-Sør – 200 000 kroner
- KFUK-KFUM Forandringshuset Norge – 300 000 kroner
- Fredrikstad kirkelige fellesråd – 100 000 kroner