Nye løyvingar til samtale- og støttetilbod for foreldre og barn og unge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 23.06.2020
Nå styrkas samtale- og støttetilbod til barn, unge og familiar. Stortinget har vedteke regjeringas forslag om å løyve 12,8 millionar kroner til disse tilboda, på bakgrunn av koronakrisa.
– Mange barn, unge og familiar som sliter, har lidd ekstra mykje no under koronakrisa. Dei inngripande smitteverntiltaka som vi har hatt, har gjett store konsekvensar for dei sårbare barna, som er særleg utsette når fellesskapets arenaer stopper opp, seier barne- og familiminister Ida Lindtvet Røse (KrF).
Samtaletilbod for barn og unge
Regjeringa vil difor styrke Røde Kors sitt samtaletilbod Kors på halsen med 7 millionar kroner, og Alarmtelefonen for barn og unge med 4 millionar kroner. For barn som har det utrygt heime, er det viktig å kunne ta kontakt med ein trygg vaksen på ein enkel måte. Det skal vere hjelp å få. Mange av samtaletilboda melder om auka pågang og større behov.
I samband med koronaepidemien har Alarmtelefonen for barn og unge utvida opningstida og oppretta ein døgnopen chatte-funksjon. Talet på barn og unge som har tatt kontakt er meir enn dobla. Det viser at utvidinga av tilbodet er eit viktig tiltak for sårbare barn og unge. Dei ekstra midlane som løyvas, gjer det muleg å oppretthalde det døgnåpne chatte-tilbudet og den utvida opningstida for telefonen ut året.
Kors på halsen er eit samtaletilbod for alle opp til 18 år. Her kan ein ringe, maile eller chatte for å ta opp ulike ting ein er opptatt av eller er uroa for. Dei nye løyvingane gjer det muleg å utvide kapasiteten på tenesten.
Tilbod for familiar
Koronakrisen påvirkar også familiar. I denne situasjonen er det ekstra viktig at foreldre har tilbod der dei får råd og rettleiing, dersom dei har behov for det.
Det løyvas difor 1,8 millioner kroner til Foreldresupport og til informasjonsvideoar for framandspråklege foreldre. Foreldresupport er ein døgnåpen telefon- og chatteteneste. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Stine Sofies Stiftelse og Mental Helse Hjelpetelefon.