Nytt ungdomspanel skal gi innspel til fritidskort
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 21.09.2020
Ni ungdommar frå 14 til 17 år sit i det nye ungdomspanelet for arbeidet med fritidskortet. Dei skal gi råd til Barne- og familiedepartementet om korleis ei fritidskortordning kan nå målet om at fleire barn og unge får delta i organiserte fritidsaktivitetar.
Laurdag 19. september hadde panelet sitt første møte i Oslo. Der deltok også statssekretær i Barne- og familiedepartementet, Jorunn Hallaråker Heggelund.
- Eg blir så inspirert av å møte desse ungdommane og høyre deira perspektiv. Eit fritidskort skal kome barn og unge mellom 6 og 18 år til gode, og då er vi heilt avhengig av å høyre frå dei unge sjølv. Vi vil lage ei ordning som er mest mogleg treffsikker og som gjer at alle barn og unge i Noreg kan delta i ein fritidsaktivitet, seier statssekretæren.
Ungdomspanelet tek til med arbeidet no og skal ha møter utover hausten. Ungdommane som er valde viser stort engasjement for at alle barn og unge skal få like moglegheiter til å delta i fritidsaktivitetar. Mange har sjølv bidratt til å organisere fritids- og sosiale aktivitetar for barn og unge.
- Eg syns det er veldig givande og eg føler at eg er med på å gjere ein skilnad. Fritidskortet trur eg blir bra for å inkludere ungdom som har falt utanfor. Og så er det viktig å ha med ungdom, for det er jo oss det gjeld, seier 17 år gamle Lasse Hordnes, som er ein av deltakarane i panelet.
Desse ungdommane sit i panelet:
- Lasse Hordnes
- Daniel Aarvik
- Mahmoud Zamzoum
- Zaineb Abdulsatar
- Simen Hagen Korsbakken
- Maria Dragland
- Vilde Johanne Aslaksdatter Aftenstierne
- Malaika Solaimani
- Karine Berge