Regjeringa foreslår ei rekke tiltak for å styrke kompetansen i barnevernet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 30.03.2020
Den viktigaste ressursen til barnevernet er motivasjonen og kunnskapen til dei som jobbar der. Derfor foreslår regjeringa no ei rekke tiltak for å styrke kompetansen slik at barn og familiar får rett hjelp til rett tid.
- Dei tilsette i barnevernet har ein svært viktig og krevjande jobb. Dei skal ta vare på nokon av dei mest sårbare i samfunnet vårt. Jobben handlar ofte om å ta vanskelege avgjersler og vege ulike omsyn opp mot kvarandre. Derfor foreslår vi ei rekke endringar i barnevernlova som skal gjere det tydelegare og enklare å sikre dei tilsette nok kompetanse, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
I dag vert forslag til fleire endringar i barnevernlova sendt ut på høyring. Forslaga går mellom anna på krav om relevant masterutdanning for å utføre kjerneoppgåver i det kommunale barnevernet og krav om bachelorutdanning for nytilsette i barnevernsinstitusjonane.
Her kan lese heile høyringsforslaget.
- Barn og familiar som er i ein vanskeleg livssituasjon må møte fagmiljø med høg kompetanse og høg grad av legitimitet. Det er avgjerande både for tilliten til barnevernet og for at barn og familiar skal få den hjelpa dei treng. Eg meiner desse endringane vil møte behovet for kompetanse og håper på mange konstruktive innspel i høyringa, seier statsråden.