Styrkt handheving og modernisering av forbrukarvernet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 20.11.2020
Regjeringa sender på høyring eit forslag om å styrkje forbrukarvernet, ved å gje forbrukarane fleire rettar på det digitale området. Det blir òg føreslått strengare sanksjonar ved brot på forbrukarvernreglane.
I høyringsforslaget blir det mellom anna føreslått at grove brot på sentrale forbrukarvernreglar skal kunne føre til eit gebyr på inntil fire prosent av omsetninga eller 25 millionar kroner. Det høgste beløpet skal leggjast til grunn. Grove brot kan til dømes vere å gjentekne gonger krevje betaling frå forbrukarar utan at dette er avtalt.
– Forslaget kan innebere vesentleg høgare gebyr for selskap som systematisk bryt grunnleggjande forbrukarvernreglar, ved til dømes å bruka urimelege avtalevilkår eller forsøk på å villeie forbrukarane. Eg håpar og trur at forslaget vil medverke til at næringsdrivande tenkjer seg om to gonger før dei utfordrar forbrukarvernet, seier forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Forslaga vil innebere endringar i mellom anna marknadsføringslova, angrerettlova og avtalelova. Dei nye forslaga og høyringa følgjer av at Noreg no skal gjennomføre nye forbrukarreglar som EU vedtok i 2019 – det såkalla moderniseringsdirektivet. Reglane i direktivet skal tre i kraft i EU seinast innan 28. mai 2022.
Av andre tiltak som blir føreslått i høyringa er
- forbod mot dørsal i helgar og etter kl. 21
- krav om å oppgi reell førpris der prisen blir marknadsført som nedsett
- forbod mot å bruke falske brukaromtalar i marknadsføring
- rett til å få tilbake eige innhald gratis og i eit vanleg format når ein gjer angreretten gjeldande til dømes frå skylagringstenester
Mange av krava gjeld allereie i dag, men nå blir det føreslått å lovfeste desse rettane.
De nye reglane føyer seg inn i rekkja av både nasjonale og europeiske initiativ som styrkjer handhevinga av forbrukarvernreglane. I januar 2018 fekk Forbrukartilsynet høve til sjølv å treffe vedtak om forbod og å påleggje gebyr.
I sommar blei forbrukarvernforordninga gjennomført i norsk rett. Dette har styrkt handhevinga på fleire punkt, mellom anna ved at Forbrukartilsynet nå kan krevje stenging av nettsider og forhandle om kompensasjon til forbrukarar.