Revidert nasjonalbudsjett
Tiltakspakke for sårbare barn og unge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 12.05.2020
Regjeringa foreslår ein tiltakspakke på over 400 millionar kroner, som skal gå til å betre situasjonen for sårbare barn og unge, både under og etter koronakrisen.
Tiltakspakken skal bidra til at sårbare og utsette barn og unge får hjelp til å ta igjen tapt progresjon på skulen, førebyggje at barn og unge vert utsette for vald og overgrep, gjere helsestasjons- og skulehelsetenestane meir tilgjengelege og styrke tilbodet om avlastingstiltak og aktivitetstiltak for barn og unge med store behov. Midlane skal også bidra til at organisasjonar kan gjennomføre ferie- og fritidstilbod under gjeldande smittevernreglar, særleg i sommarferien.
– Vi veit at dei barna og ungdommane som lid mest under koronakrisa er dei som har hatt det vanskeleg frå før, eller dei som har opplevd ting dei siste vekene som har gjort livet enda vanskelegare. Heilt sidan koronapandemien kom, har regjeringa jobba hardt med å få på plass tiltak som skal kome desse barna til gode. Vi er derfor glade for å kunne fremje denne tiltakspakken, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Oppfølging av elevar
Av midlane i pakken, vert det føreslått 170 millionar kroner til tiltak knytt til skule.
– Sårbare elevar skal ikkje sakke akterut som følgje av koronakrisa. Det kan vi ikkje godta. Gjennom denne tiltakspakken skal vi hjelpe elevar som har tapt progresjon som følgje av smittevernstiltaka. Pengane kan brukast på ulike tiltak, som intensivopplæring for elevar som ligg etter, sommarskule eller ekstra lærarar og andre tilsette for å nemne noko, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Viktige helsetilbod
I situasjonen som vi no er i, er det ekstra viktig at helsestasjons- og skulehelsetenesta er tilgjengeleg.
– Barn og unge må få god oppfølging sjølv om vi er i ein krevjande situasjon. No som smittetala går ned er det viktig at helsestasjonane og skulehelsetenesta kjem mest muleg tilbake i ein normalsituasjon, og er til stades for å hjelpe barn og unge som har ulike behov, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).
Beskytte dei sårbare
I tiltakspakken vert det også sett av midlar til politiet, konfliktrådet og utlendingsstyresmaktene.
– Det gjer oss i stand til å ta vare på fleire sårbare barn og unge, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.
Ho peikar mellom anna på behovet for ein innsats mot internettrelaterte overgrep.
– Det er registrert ein auke i deling av overgrepsmateriale, og politiet åtvarar mot auka risiko for uønskte seksuelle nettovergrep under koronapandemien. Politiet vil med utgangspunkt i dei føreslåtte midlane utvikle det førebyggjande arbeidet mot overgrep som skjer over internett, gjennom nettpatruljar og vidareutvikling av nettenestar retta mot barn, seier Mæland.
Blant tiltaka er:
- 170 millionar kroner til at skuleelevar får tatt igjen tapt progresjon som følgje av smittevernstiltak
- 150 millionar kroner til helsestasjonar, skulehelseteneste og avlastningstiltak for barn med store behov
- 53 millionar kroner til ferie- og fritidsaktivitetar til utsette og sårbare barn og familiar
- 10 millionar kroner til innsatsen mot overgrep mot barn over internett
- 7 millionar til Røde Kors sitt samtaletilbod «Kors på halsen»
- 4 millionar kroner til oppfølging av ungdom som gjennomfører ungdomsstraff og ungdomsoppfølging
- 4 millionar kroner til Alarmtelefonen for barn og unge
- 2 millionar kroner til aktivitetstilbod for barn i mottak
- 1,8 millionar kroner til Mental helse – Foreldresupport og informasjonsvideoar for framandspråklege foreldre