Tolv kommunar skal teste ut fritidskort for barn og unge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 15.04.2020
193 kommunar søkte om å prøve ut fritidskortordningar for barn og unge. No er 12 kommunar frå alle delar av landet valt ut for å prøve ordninga som skal bidra til dekkje deltakaravgifter for organiserte fritidsaktivitetar for barn og unge i alderen 6-18 år.
- Eg syns det er fantastisk at så mange kommunar viser interesse for fritidskortet, og er veldig spent på korleis dei tolv kommunane vil følgje opp dette viktige arbeidet. Å gi alle barn og unge mulegheita til å delta på fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt, er eit viktig mål for regjeringa, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Fritidskortet skal bidra til å betale deltakaravgifta til faste, organiserte fritidsaktivitetar for barn og unge i kommunen. Gjennom ordninga får forsøkskommunane tildelt 800–1000 kroner per barn per halvår, i tillegg til støtte til administrasjon og utvikling. Fleire av forsøkskommunane bidrar òg med ein lokal finansieringsandel. Ordninga skal sjåast i samanheng med Fritidserklæringa, som har som mål at alle barn skal ha mulegheit til å delta på minst ein organisert fritidsaktivitet, uavhengig av foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon.
I utveljinga har Bufdir lagt vekt på at forsøkskommunane har ulik innbyggjartal, ligg i ulike landsdelar, har ulik del barn som lev i vedvarande låginntekt, har ulik erfaring med slike ordningar og har ulik erfaring med samarbeid med frivillig sektor.
I tillegg til Arendal og Vadsø, som har vore pilotkommunar sidan hausten 2019, er desse kommunane valt ut for å teste fritidskortet:
- Asker (området sone 03 Asker sentrum)
- Fauske
- Halden
- Haugesund
- Kvam
- Namsos
- Oslo (bydel Grorud)
- Skien (områda Kongerød (Klyve), Gulset, Gimsøy og Sentrum (Mæla))
- Stor-Elvdal
- Tromsø (områda sentrum, Stakkevollvegen og Stakkevollan)
Forsøket med fritidskort i kommunane tek til hausten 2020 og varer i første omgang fram til sommaren 2021. Forsøket skal evaluerast og erfaringane frå prøveperioden vil gi retning og innspel til korleis ei eventuell nasjonal fritidskortordning kan sjå ut.
Les meir om fritidskortet og tildelingane på Bufdir sine heimesider.