Unntak frå 1-metersregelen: Enklare å arrangere ferie- og fritidstilbod for barn og unge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 12.06.2020
Frå og med 15. juni endrast Covid-19-forskrifta, slik at barn og unge under 20 år kan fråvike avstandsreglane på ein meter medan dei er på sommarleir og tilsvarande aktivitetar.
– Eg er glad for at vi no gjer det enklare å arrangere ferie- og fritidsaktivitetar for barn og unge. Ved å gå bort frå avstandsreglane på ein meter, håpar eg fleire kunne delta på slike tilbod i sommar, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse (KrF).
Koronaviruset har ført til at mange tilbod for barn og unge er avlyst. I samband med den fjerde rapporteringa frå Koordineringsgruppa for tenestetilbodet til sårbare barn og unge, gjennomførte Bufdir ei undersøking av fritidstilbodet til barn og unge for sommaren. Undersøkinga viste at sju av ti organisasjonar planlegg færre eller ingen aktivitetar i sommar, grunna koronaviruset. Undersøkinga viser også at dei store organisasjonane synast smittevernreglane er vanskelege å skjøna.
Koordineringsgruppa for tenestetilbodet til sårbare barn og unge har difor anbefalt regjeringa å få klargjort smittevernråda for sommarleirar og liknande aktivitetar.
Covid-19-forskrifta stiller krav om avstand på arrangement. Når denne forskrifta no endrast, kan kravet til éin meters avstand fråvikast for personar under 20 år som deltek på sommarskule, sommarleir, aktivitetsleir, kulturskule, leirskule og andre skuleliknande fritids- eller ferietilbod, i tillegg til dei vaksne som står for arrangementet.
– Eg ynskjer at sommaren 2020 skal gje barn og unge gode ferieopplevingar og gode minner. Slik situasjonen er no er det trygt å delta på sommarleir, så lenge smittevernråda følgjast. Eg oppmodar difor organisasjonane og frivillige om å invitere barn og unge til leir og aktivitetar, også i år, seier Røse.