Historisk arkiv

170 millionar til ferie- og fritidsaktivitetar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

I dag mottek nærmare 50 organisasjonar tilskot til ferie- og fritidsaktivitetar for barn i låginntektsfamiliar og andre utsette barn og unge.

Ein stor del av tilskotsmidlane går til ferieleirar og andre aktivitetstilbod for barn og unge i sommarferien. Aktivitetane vil bli gjennomført over heile landet. 

- No som vi igjen er i ein periode med auka smitte og strengare tiltak i store delar av landet, er det særleg viktig at barn og unge har nokon morosame opplevingar å sjå fram til. Når samfunnet opnar opp att, må vi gjera det vi kan for å motverke sosialt utanforskap blant barn og ungdom. Frivillige organisasjonar sine ferie- og fritidstilbod har ei viktig rolle i å bidra til dette, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge har auka jamt sidan den vart oppretta i 2014. I år har regjeringa styrkt tilskotsordninga med nærmare 50 millionar kroner, og den utgjer no om lag 370 millionar kroner totalt. I denne runda vert om lag 170 millionar kroner tildelt frivillige organisasjonar som har søkt direkte til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Imponert over dei frivillige

Under koronapandemien har det ikkje vore mogeleg å halde alle ferie- og fritidsaktivitetar opne som normalt og mange barn har stått utan aktivitetar i lang tid.

- Det siste året har ikkje barn og unge hatt høve til å delta på aktivitetar slik som dei vanlegvis gjer. Eg er likevel imponert over korleis dei frivillige organisasjonane har jobba for tilpasse aktivitetane til dei gjeldande smittevernreglane. Dei gjer ein utruleg viktig jobb for mange barn og unge, seier Ropstad.

Røde Kors, Blå Kors, DNT, Kirkens Bymisjon og organisasjonen MOT får tildelt øyremerka midlar frå ordninga. I tillegg får organisasjonar som Foreningen til Ski-idrettens Fremme, Noregs Bandyforbund, Wayback Bergen, Zuccarellostiftelsen og Forandringsfabrikken støtte til ferieleirar og andre aktivitetstilbod.

Det er Bufdir som forvaltar ordninga og oversikten over tildelingane finn du på Bufdir sine nettsider.