BarnUnge21-strategien overlevert regjeringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 03.02.2021
I dag mottok regjeringa ein strategi som skal bidra til auka kunnskap i forsking, utdanning og tenester retta mot sårbare barn og unge.
På ei digital overrekking presenterte strategigruppa, som har vore leia av Trond Fevolden, strategien for statsminister Erna Solberg (H) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
- Noreg skal vere et godt land å vakse opp i for alle barn. Men nokon barn er ekstra utsette og sårbare. Difor har regjeringa sidan 2013 sett i verk ei rekkje tiltak som motverkar utanforskap og fattigdom. For å kunne hjelpe desse barna og familiane deira best mogleg treng vi også eit godt og heilskapleg kunnskapsgrunnlag, seier statsminister Erna Solberg (H).
Regjeringa tok sommaren 2019 initiativ til å utarbeide ein BarnUnge21-strategi. Målet med strategien er å skape ein målretta, heilskapleg og koordinert nasjonal innsats for forsking, utvikling og innovasjon for utsette barn og unge.
- Ingen barn er like, heller ikkje sårbare barn. Utfordringane er komplekse og samansette og derfor er det viktig med god kunnskap for å gi riktig hjelp. BarnUnge21-strategien skal bidra til at vi gjer dei rette avgjerslene for dei som treng det mest. Eg ser fram til å gå gjennom forslaga i strategien, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Barne- og familiedepartementet vil no gå i gang med å vurdere korleis strategien skal følgjast opp.
Strategigruppa er sett saman av medlemmar frå fleire sektorar.
- Ein kunnskapsbasert oppvekstpolitikk for utsette barn og unge er avhengig av to grunnleggjande element: For det første solid og framtidsretta kunnskapsutvikling om kva som kan sikre alle barn og unge tryggleik, inkludering og utvikling. For det andre kompetanse til å ta i bruk kunnskapen i politikkutforming, organisering og i dei konkrete tenestene. Vi har gjennom denne strategien gitt vårt bidrag til korleis dette kan realiserast, seier Trond Fevolden.
BarnUnge21 strategien føreslår sju tilrådingar til regjeringa for å oppnå ein helskapleg og kunnskapsbasert oppvekstpolitikk:
1. Eit samordna og langsiktig forskings- og innovasjonsprogram
BarnUnge 21 tilrår at ein langsiktig, samordna og målretta satsing på forsking og innovasjon for utsatte barn og unge blir etablert og finansiert. Strategigruppa meiner at eit stort forskings- og innovasjonsprogram må samordnast med anna relevant forsking. Programmet skal byggjast opp over ein treårsperiode med sikte på ei budsjettramme på 100 millioner kroner per år når det er i full drift. Programperioden må vere på minimum ti år for at ein skal kunne følgje utviklinga av tiltak over tid.
2. Betre tilgang til data gir påliteleg og relevant forsking
BarnUnge 21 tilrår ein samordna datainfrastruktur som gir grunnlag for solide og forskingsbaserte analysar på området, og betre tilgang på god styringsdata for leiarar av tenester som fangar opp barn og unge. Det er viktig at det er eit barne- og ungdomsperspektiv på innhentinga av informasjon.
3. Forskingsbasert og praksisretta utdanning, vidareutdanning og etterutdanning for medarbeidarar og leiarar i praksisfeltet
BarnUnge 21 tilrår at utdanningar og tenester retta mot utsette barn og unge må få eit kunnskapsløft.
4. Innovasjon i oppvekstfeltet
BarnUnge 21 tilrår at system, insentiv og styringssignal for innovasjon og utnytting av kunnskap i tenesteutvikling og politikkutvikling må på plass.
5. Leiing for ein kunnskapsbasert og endringsorientert praksis
BarnUnge 21 tilrår at nye prinsipp for leiing og styring må bli utvikla og implementert for å oppnå samhandling og koordinering på tvers av sektorar. Aktuelle verkemiddel kan vere pålegg gjennom lov, forpliktande avtalar om samarbeid og tydelege føringar om partnarskap.
6. Ein gjennomgang av kunnskaps- og kompetansesentera si rolle
BarnUnge 21 tilrår ein sektorovergripande gjennomgang av kunnskaps- og kompetansesentera si rolle i kunnskapsproduksjon, kunnskapsformidling og bruk av kunnskap, med sikte på å tydeleggjere deira mandat og roller i ein heilskapleg og kunnskapsbasert oppvekstpolitikk.
7. Ei samordna vidareføring og utvikling av BU21-tilrådingane
BarnUnge 21 tilrår at det blir sett ned ei tverrdepartemental gruppe som får ansvar for å utarbeide ein handlingsplan for forsking og utdanning knytt til barn og unge generelt, og utsette barn og unge spesielt. Det føreset at alle avgjerdsnivå etablerer modellar som understøttar samordning.
Medlemmar av strategigruppa:
- Spesialrådgivar Trond Fevolden, Kunnskapsdepartementet (leiar)
- Områdedirektør Jesper W. Simonsen, Noregs forskingsråd (nestleiar)
- Divisjonsdirektør Wenche Mobråten, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
- Divisjonsleiar Anne Magdalena Solbu Kleiven, Utdanningsdirektoratet (Udir)
- Seksjonssjef Anne-Cathrine Grambo, Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir)
- Avdelingsdirektør Rigmor Berg, Folkehelseinstituttet
- Prosjektleiar Gertrud Sofie Hafstad, Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS)
- Førsteamanuensis Marit Egge, Politihøgskolen
- Kommunalsjef Christer Best Gulbrandsen, Øvre Eiker kommune
- Leiar ved barnevernvakta Younas Mohammad-Roe, Oslo kommune
- Leiar avdeling for kunnskapsutvikling Nina Bolstad, Etat for barn og familie, Bergen kommune
- Seniorforskar Terje Ogden, Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU)
- Professor Siv Kvernmo, Universitetet i Tromsø (UiT)
- Professor Mari Rege, Universitetet i Stavanger (UiS)
- Førsteamanuensis Veronika Paulsen, NTNU
Strategidirektør Bjørn Lescher-Nuland fra Bufdir var medlem i strategigruppa frå august 2019 til mars 2020.
Etatsdirektør Anne-Marit Presterud, Bergen kommune var medlem i strategigruppa frå august 2019 til oktober 2019
Tidligere divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet nå ekspedisjonssjef i Kunnskapsdepartementet, Kjersti Flåten var medlem i strategigruppa frå august 2019 til september 2019