Statsbudsjettet 2022
Fleire tiltak for å hjelpe barn og unge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 12.10.2021
Regjeringa føreslår ei rekkje satsingar retta mot barn og unge som veks opp i låginntektfamiliar. Forslaga vil kunne bidra til å nå måla i regjeringa sin samarbeidsstrategi om å dempe levekårsulempene, auke deltakinga og styrkje moglegheitene til barn og unge.
– Alle barn skal kunne delta og oppleve samhøyr. Dessverre veit vi at det framleis er familiar med låg inntekt i Noreg, og at dette går ut over moglegheita barna har til å delta på viktige arenaer. Med dette budsjettet forsterkar vi innsatsen for å inkludere fleire, seier barne- og familieminister Olaug Bollestad (KrF).
I 2020 la regjeringa fram ein samarbeidsstrategi som skal fremje deltaking og styrkje moglegheitene til barn i familiar med låg inntekt. Strategien tek for seg tiltak som gir barna like moglegheiter som sine jamaldra til å gjennomføre ei utdanning, ha ein god og trygg bustad, delta i organiserte fritidsaktivitetar og ha god tilgang til helsetenester.
I budsjettet for 2022 føreslår regjeringa ytterlegare 400 millionar kroner til tiltak som skal bidra til å styrkje moglegheitene til barn som veks opp i familiar med låg inntekt, og førebyggje at fattigdom og utanforskap går i arv. Regjeringa har dessutan allereie auka barnetrygda med 8 200 kroner for dei minste barna.
Dette er nokre av tiltaka som regjeringa føreslår:
- Regjeringa vil setje av 225 millionar kroner til å starte ei nasjonal utrulling av ordninga med fritidskort. Gjennom ordninga kan barn og unge få dekt deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar, og dermed få betre moglegheit til å delta saman med andre. Forslaget betyr at regjeringa set av totalt 405 millionar kroner til fritidskortet neste år.
- Fleire barn og unge skal få tilbod om ferie- og fritidsaktivitetar, opne møteplassar og skolelosar. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til den nye samanslåtte tilskotsordninga for inkludering av barn og unge med 35 millionar kroner. Den nye samanslåtte tilskotsordninga vil dermed utgjere om lag 505 millionar kroner i 2022.
- Regjeringa set av 240 millionar kroner til å gjere skular og barnehagar betre i stand til å følgje opp barn og elevar som på grunn av langvarige smitteverntiltak har tapt fagleg og sosial læring og utvikling.
- I 2021 blei det oppretta ei tilskotsordning med gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar. Regjeringa ynskjer å auke tilskotet slik at fleire barn og unge kan få eit tilbod om gratis SFO, og føreslår derfor ei total løyving på 51,5 millionar kroner til tiltaket i 2022.
- Regjeringa vil styrkje bustøtta med 71 millionar kroner for barnefamiliar og andre store husstandar slik at fleire barnefamiliar med låg inntekt kan skaffe eller behalde eigna bustad.
- Regjeringa løyver 62 millionar kroner til å prøve ut behandlingsmodellen FACT ung, og 20 millionar kroner til å prøve ut lågterskel- og oppfølgingstilbod til barn og unge med psykiske plager.