Føreslår å forlenge midlertidig koronalov for barnevernet og fylkesnemnda
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 26.01.2021
For å avhjelpe konsekvensar av utbrotet av covid-19, sender departementet på høyring forslag om å forlenge den midlertidige lova om tilpassingar i regelverket for barnevernet og fylkesnemnda til 1. november 2021.
Covid-19 er ein trussel mot folkehelsa. Sjølv om vaksineringa har starta, vil det ta tid å vaksinere befolkninga og det kan oppstå nasjonale og lokale utbrot, også etter at mange er vaksinert. Smitteverntiltak kan hindra ordinær saksavvikling i fylkesnemndene og drift i barnevernet også i tida framover.
Departementet meiner difor det er naudsynt å vidareføre reglane om fjernmøte og delvis skriftleg behandling i fylkesnemnda, for at fylkesnemnda fortsett kan handsama saker på ein trygg og forsvarleg måte og samstundes ta omsyn til smittevern.
Det er òg naudsynt å vidareføre dei midlertidige reglane om flytting av eit barn frå ein institusjon på grunn av covid-19 og moglegheita for digitale tilsyns- og oppfølgingssamtalar. Dette er viktig rettstryggleiksgarantiar for barn i fosterheim og institusjon.
Barnevernet og fylkesnemnda skal nytte barnevernlova sine ordinære reglar dersom det er mogleg. Den midlertidige lova kan berre brukast når det er naudsynt på grunn av covid-19 og når lovas andre strenge krav er oppfylte.
Departementet føreslår å forlenge reglane til 1. november 2021. Dersom konsekvensane av utbrotet av covid-19 endrar seg, og det ikkje lenger er behov for lova, vil Stortinget kunne oppheve lova på eit tidlegare tidspunkt.
Frist for å gi høyringssvar er 1. februar 2021.