Gi innspel til Barnevernsutvalget
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 17.06.2021
Regjeringa har satt ned Barnevernsutvalget, som skal vurdere rettstryggleiken i ulike fasar i arbeidet til barnevernet, og korleis barnevernet kan sørgje for betre kvalitet og rettstryggleik i dei mest alvorlege og samansette sakene. Dei skal òg vurdere korleis tilbodet til dei barna som treng mest oppfølging, bør innrettast.
Barnevernsutvalget er no i gang med arbeidet. Utvalsleiar er Marit Skivenes frå Bergen.
– Det er framleis behov for å finne nye løysningar på utfordringar i barnevernet. Dette gjeld særleg barnevernet sitt arbeid med dei barna og familiane som treng mest hjelp. Eg oppmodar dei som er interesserte i utgreiinga til å gi innspel til utvalet, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Utvalet har breidde i kompetanse og erfaring. Regjeringa har samstundes lagt til grunn at utvalet skal ha dialog med dei utgreiinga handlar om, ikkje minst barn og foreldre med erfaring frå barnevernet og dei som jobber i barnevernet. Utvalet startar med å innhente innspel frå barn og foreldre når dei møtast til sitt fyrste fysiske møte etter sommaren.
Du kan lese meir om utvalet og gi innspel på heimesida til utvalet: Barnevernsutvalget
Her ligg òg informasjon til deg som er barn: For barn og ungdom – Barnevernsutvalget
Utvalet skal levere utgreiinga i februar 2023.