Koordineringsgruppa for tenestetilbodet til sårbare barn og unge under covid-19 har levert den 14. statusrapporten sin til regjeringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 01.10.2021
Koordineringsgruppa melder at kommunane no har barn og unge øvst på prioriteringslista i deira handtering av pandemien, og at dei fleste tenestene er tilbake til normalt nivå.
Rapporteringa viser at pandemien er på hell med nedgåande smittetal, og det blir meldt om betre kontroll ute i kommunane. I rapporten vert tenestene og kommunane rosa for innsatsen under pandemien.
Sjølv om dei fleste tenestene er i ordinær drift, er det likevel framleis døme på at helsepersonell for barn og unge vert omdisponert til TISK-arbeid (testing, isolasjon, smittesporing og karantene).
Koordineringsgruppa gjentek at det viktigaste tiltaket for barn og unge framleis er å sikra opne og tilgjengelege tenester. Dette vil direktorata særleg rette merksemd mot framover.
Koordineringsgruppa har fleire tilrådingar. Mellom anna tilrår dei at barn og unge må verta involvert og få reell medverknad for at tiltaka skal vera treffsikre. Dette gjeld òg tiltak for å bøta på konsekvensane av pandemien.
– Eg er glad for å høyre at kommunane har barn og unge øvst på prioriteringslista no. Regjeringa støttar tilrådinga om å lytta til dei unge framover, så tiltaka blir mest mogleg treffsikre. Nokre barn og unge har vorte ekstra hardt råka av pandemien. Det blir viktig framover å sørgja for eit tenestetilbod til dei som treng det mest, seier barne- og familieminister Olaug Bollestad (KrF).