Statsbudsjettet 2022
Satsingar for eit betre barnevern
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 12.10.2021
Regjeringa føreslår overføringar på 1,3 milliardar kroner frå staten til kommunane i samband med barnevernsreforma. Regjeringa føreslår også 77 millionar kroner for å kompensere kommunane og det statlege barnevernet for auka utgifter som følgje av nytt kompetansekrav for tilsette i barnevernet.
I januar 2022 blir barnevernsreforma sett i kraft. Reforma skal styrkje moglegheitene og insentiva kommunane har til å setje i gang førebyggjande tiltak tidleg, gi meir effektiv bruk av ressursar og gi betre tilpassa hjelp til barn som treng det. Reforma inneheld både kvalitetstiltak og endringar i ansvarsdelinga mellom stat og kommune. Dette vil gi kommunane eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet.
– Målsetjinga er at fleire barn skal få riktig hjelp til riktig tid, og at tenestetilbodet i auka grad skal tilpassast lokale behov. Vi føreslår 1,3 milliardar kroner i overføringar frå staten til kommunane i samband med barnevernsreforma, seier barne- og familieminister Olaug Bollestad (KrF).
Fordeler kompensasjonen for barnevernsreforma
Regjeringa fordeler i 2022 og 2023 halvparten av den samla kompensasjonen på 1,3 milliardar kroner etter den faktiske bruken av tiltak i kommunane. Det gjer vi fordi vi ser at auken i rammetilskota til kommunane ikkje treffer på faktisk tiltaksbruk i alle enkeltkommunar. Nokre kommunar får derfor meir kompensasjon enn dei anslåtte meirutgiftene dei har, mens andre får mindre. Ved å fordele noko av kompensasjonen etter faktisk bruk av tiltak jamnar vi ut denne effekten.
Rammefinansiering aukar handlingsrommet lokalt
Samtidig som reforma trer i kraft, føreslår vi å innlemme det øyremerkte tilskotet til stillingar i barnevernstenestene i rammetilskotet til kommunane. Det utgjer 0,8 milliardar kroner og kjem i tillegg til kompensasjonen for barnevernsreforma. Endringa gir kommunane større handlingsrom og inntekter som dei kan bestemme over sjølve. Det meiner vi bidrar til å støtte opp under målet med reforma.
Krav om bachelor- og mastergrad
For å auke kompetansen i både kommunalt og statleg barnevern har Stortinget vedteke å innføre krav om mastergrad for å utføre nærare bestemte oppgåver i barnevernstenestene og krav om bachelorgrad for nytilsette i barnevernsinstitusjonar.
– Barnevernet skal beskytte dei aller mest sårbare blant oss, nemleg barna. Den viktigaste ressursen til barnevernet er motivasjonen og kunnskapen til dei som jobbar der. Barn og familiar som er i ein vanskeleg livssituasjon, må møte fagmiljø med høg kompetanse og høg grad av legitimitet, seier Bollestad.
Midlar til lønn og studieplassar
Regjeringa føreslår å kompensere kommunane og det statlege barnevernet for dei auka kostnadene som følgje av dei nye krava. I statsbudsjettet for 2022 føreslår regjeringa 77 millionar kroner for å støtte opp under endringane.
Av desse midlane skal 52,5 millionar kroner gå til kommunane for å kompensere for masterkravet. For at kommunane skal få tilgang på tilstrekkeleg med kandidatar med mastergrad, blir det òg føreslått å opprette 300 nye studieplassar til barnevernsfaglege mastergrader.
– No følgjer vi opp den lovfesta endringa i kompetansekrava til tilsette i barnevernet. Kompetansehevinga skal bidra til endå betre vurderingar og betre rettstryggleik for både barn og foreldre, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).