Strammar inn lovverket mot å gifte bort barn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 09.04.2021
Regjeringa legg i dag fram ei lovendring som skal gi barn betre vern mot ekteskap.
– Vi meiner at ingen barn i Noreg skal vere gift. Derfor strammar vi inn ekteskapslova slik at vi gir det same vernet for barna som innvandrar til Noreg. Å gifte bort barn er ein skadeleg praksis som Noreg og verdssamfunnet aktivt må kjempe mot, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
I dag er det ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Vi har også ein hovudregel om at dei som giftar seg etter utanlandsk rett og har tilknyting til Noreg, må vere 18 år. No vil regjeringa stramme inn lova for å verne alle barn mot ekteskap. Regjeringa føreslår derfor at 18-årsgrensa også skal gjelde dei som på vigselstidspunktet ikkje hadde noka tilknyting til Noreg.
Med dette bidreg Noreg til å følgje opp verdas berekraftsmål om å avskaffe all skadeleg praksis som barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap.
– Det er forferdeleg at barn blir gifta bort. Når jenter blir gifta bort, mister dei fridommen sin og risikerer også helsa og i verste fall livet med ufrivillige graviditetar i ung alder. Mange mister også høve til utdanning, seier Ropstad.
Regjeringa føreslår nokre snevre unntak mellom anna av omsyn til dei menneskerettslege og EØS-rettslege forpliktingane våre. Det er dersom partane har blitt vaksne, eller dersom sterke grunnar taler for at ekteskapet likevel skal anerkjennast.
Dersom det skal gjerast unntak frå hovudregelen, er det statsforvaltaren som skal behandle søknader om dette.
– Eg meiner dette vil sikre større grad av heilskapleg og effektiv saksbehandling, og bidra til ein spisskompetanse på feltet. Statsforvaltaren har allereie denne oppgåva i saker med tilknyting til Noreg, seier Ropstad.