Strengare krav til openheit hos verksemder
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 09.04.2021
Større verksemder skal påleggjast å arbeide aktivt med å avdekkje og handtere negativ påverknad på menneskerettar og arbeidsforhold i leverandørkjedene sine. I dag la regjeringa fram forslag om ei ny openheitslov.
Mange verksemder er opptekne av at produkta og tenestene dei tilbyr, skal produserast under gode arbeidsforhold. Men mange av dei manglar oversikt over forholda i eigne leverandørkjeder. Det gjer at mange varer som blir selde i norske butikkar, er produserte under dårlege arbeidsforhold.
– Ingen menneske skal måtte leve eller jobbe i slaveri eller i slaveriliknande forhold. Med openheitslova pålegg vi verksemdene å arbeide med å avdekkje og handtere negativ påverknad på menneskerettar og arbeidsforhold. Vi føreslår ei plikt til å utføre aktsemdsvurderingar, som er ein internasjonalt anerkjend metode for korleis verksemdene skal jobbe med tematikken. Målsetjinga er at pliktene i openheitslova skal auke medvitet om krenking av menneskerettar og uanstendig arbeid i verksemdene, og på lengre sikt bidra til meir etisk produksjon av varer og tenester som blir selde i norske butikkar, seier forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Verksemdene blir òg pålagde å svare på informasjonskrav frå allmenta. Det gir forbrukarane, sivilsamfunnet og andre tilgang til informasjon om kva vurderingar av risiko og tiltak verksemdene gjer for å sikre menneskerettar og arbeidsforhold. Føremålet er at forbrukarane skal setjast i stand til å ta meir etiske kjøpsavgjerder.
– Vi ser ei stor utvikling internasjonalt på dette feltet, og eg er glad for at Noreg no tek ei leiande rolle, seier Ropstad.
Fylgjer opp anbefalingar frå utval
Openheitslova fylgjer opp anbefalingane frå etikkinformasjonsutvalet, som kom med sin rapport til Barne- og familiedepartementet hausten 2019. Departementet sende utvalsrapporten og lovforslaget på høyring med frist i mars 2020.
Etikkinformasjonsutvalet føreslo at lova skulle omfatte alle verksemder, uavhengig av storleik. Men regjeringa føreslår at lova i fyrste omgang skal gjelde for større verksemder. Desse har betre føresetnader for å få til endringar i dei globale leverandørkjedene, og byrdene for desse verksemdene som fylgje av lova vil vere mindre enn for små verksemder.
– Dette er fyrste steg. Når lova har verka ein periode, skal vi evaluere. Fyrst etter ein periode vil vi ha eit heilt klart bilete av kor effektiv og føremålstenleg lova er. Det vil då vere naturleg å samstundes vurdere ei utviding av lova, til dømes til å omfatte mindre verksemder og andre område, som miljøpåverknad, seier Ropstad.
Verksemder som er omfatta av lova
Lova skal gjelde større verksemder som høyrer heime i Noreg, og som tilbyr varer og tenester i Noreg eller i utlandet, og større utanlandske verksemder som er skattepliktige i Noreg og tilbyr varer og tenester her.
Med større verksemder er meint verksemder som er omfatta av rekneskapslova § 1–5, eller som på balansedagen overskrid grensene for to av dei tre fylgjande vilkåra:
- salsinntekt på 70 millionar kroner
- balansesum på 35 millionar kroner
- gjennomsnittleg antal tilsette i rekneskapsåret på 50 årsverk
Forbrukartilsynet får ansvar for å drive rettleiing og tilsyn med lova. God rettleiing til verksemdene vil stå sentralt i arbeidet til tilsynet, særleg i den fyrste fasen.