Vil lovfeste tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 18.06.2021
For å kunne gi barn som blir plasserte utanfor heimen, eit tilpassa og godt tilbod må barnevernet ha nok informasjon om helsa og behova til barnet. Regjeringa legg derfor no fram eit lovforslag om tverrfagleg helsekartlegging av barnevernsbarn.
Mange av dei barna som får hjelp frå barnevernet, har vore utsette for alvorlege påkjenningar. Over halvparten av barna som bur i fosterheim og i barnevernsinstitusjon, har psykiske vanskar, og mange har behov som ikkje alltid blir avdekte. Tilsyn, undersøkingar og forsking bekreftar at barnevernet ofte ikkje har nok kunnskap om kva helse- og hjelpebehov barna har, når det blir gjort vedtak om å flytte barnet ut av heimen. Konsekvensane kan bli at barnet ikkje får den hjelpa det treng, noko som igjen kan føre til brot i plasseringar i fosterheim og institusjon for barnet.
Dette er bakgrunnen for at regjeringa no legg fram eit lovforslag om tverrfagleg helsekartlegging. Kartlegginga skal vere eit verktøy for å identifisere kva hjelpe- og helsebehov barna som blir flytta ut av heimen, har.
— Når styresmaktene vedtek at eit barn skal flytte ut av heimen, har det offentlege eit særskilt ansvar for at barnet får god omsorg og oppfølging. Ei grundig kartlegging av behova barnet har, er ein føresetnad for at barnevernet skal kunne gi riktig hjelp, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
— Vi veit at barn i barnevernet har høgare førekomst av både fysiske og psykiske helseplager. Det er viktig at dei som skal gi barnet omsorg, har god kunnskap om helsa og behova til barnet. Tverrfagleg spesialisert helsekartlegging skal bidra til at barnet får riktig hjelp både frå barnevernet og frå helsetenesta, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).
Tverrfagleg og spesialisert tilbod
Tverrfagleg helsekartlegging skal bidra til at den kommunale barneverntenesta, fosterheimane og institusjonane blir sette betre i stand til å gi barn som blir plasserte utanfor heimen, forsvarleg omsorg og oppfølging. Det gjeld ved omsorgsovertaking, åtferdsplasseringar og frivillige plasseringar utanfor heimen.
Helsekartlegginga skal vere eit tverrfagleg og spesialisert tilbod i regi av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Ein føresetnad for forslaget er at spesialisthelsetenesta bidreg med naudsynt kompetanse og ressursar inn i kartleggingsteama.
Vidare skal det utviklast nasjonale anbefalingar som beskriv innhaldet i tilbodet og kva for kompetanse som er forventa. Kartleggingsteama kan til dømes bestå av legar eller psykiatrar, psykologar og spesialisert barnevernfagleg kompetanse. Dette skal bidra til høgare og likare kvalitet over heile landet.
Det er opp til Bufetat å avgjere i kvart enkelt tilfelle om ein skal tilby tverrfagleg helsekartlegging. Samstundes får den kommunale barneverntenesta ei plikt til å vurdere behovet for tverrfagleg helsekartlegging for barn i målgruppa, og til å oppmode Bufetat om det ved behov.
Vegen vidare
Stortinget har for 2021 løyvd 25 millionar kroner til tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet. Tilbodet skal etter planen starte opp i andre halvdel av 2021. Utprøvinga vil gi nyttig kunnskap i arbeidet med å utvikle tilbodet.