Historisk arkiv

Investeringar i Forsvaret

Stortinget har fått investeringsproposisjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Regjeringa har bede om Stortinget si godkjenning til å starte opp fleire investeringsprosjekt. Blant dei er luftromsovervaking, vedlikehaldsfasilitet for ubåtar og hangar og verkstad for dei nye overvakingsflya, P8.

Proposisjonen har føljande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme på omkring åtte milliardar kroner for eit nytt felles materiell- og eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Sensorar for militær luftromsovervaking.
  • Godkjenning av kostnadsramme på 660 millionar kroner for eit nytt materiellprosjekt: Modernisering av kryptoløysingar.
  • Godkjenning av kostnadsramme på til saman om lag seks milliardar kroner for seks nye eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Fasilitetar for maritime patruljefly på Evenes, fasilitetar for NATO sin kampflyberedskap på Evenes, etablering av vedlikehaldsfasilitet for nye ubåtar med tilhøyrande kaianlegg på Haakonsvern, oppgradering av utrustingskai på Haakonsvern, tilpassing av Hårberg skole og nytt idrettsbygg, og nytt forsyningsbygg Ørland.

I tillegg informerer regjeringa Stortinget om kostnadsbilete for kampflybase Ørland, terminering av prosjekt for ombygging av mannskapsforlegningar på Setermoen til forlegning for befal og verva, vidareutvikling av cyberdomenet i militære operasjonar og norsk medlemskap i Cooperative Cyber Defence Center of Excellence.