Historisk arkiv

Kryptoløysingar med kvanteresistens

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Moderne forsvar blir meir og meir avhengig av kryptografi, og kryptoløysinga Forsvaret har i dag er snart ved slutten av si planlagde levetid. Regjeringa har difor bede Stortinget godkjenna ei investering på 660 millionar kroner for å skaffe eit høggradert og låggradert kryptosystem som kan nyttast stasjonært og mobilt.

- Kryptering er ein føresetnad for sikker og effektiv kommunikasjon. Forsvaret må verna informasjon som blir utveksla både nasjonalt og internasjonalt. Det er avgjerande at informasjonen kjem frå ei truverdig kjelde og at integriteten er ivaretatt. Avgjerdstakarar må kunne stole på informasjonen som blir gitt, og våpensystem treng sikker målinformasjon som ikkje er endra av uvedkommande, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Noverande kryptoinfrastruktur tilfredsstiller ikkje nye krav til kapasitet, verksemd, interoperabilitet og kvanteresistens. Mellom anna er det meir og meir sannsynleg at kvantedatamaskiner blir realisert i løpet av dei neste fem til ti åra, og dette fører til at det blir stilt krav om utvikling av kvanteresistente kryptoalgoritmar.

Løysingane som blir tekne fram vil også vere relevante for totalforsvaret, og dei bør også kunne vere moglege å eksportere til våre allierte land.

Noreg ønsker å ha nasjonal kontroll og nasjonal kompetanse på kryptoteknologi. Kjøp av høggraderte kryptoløysingar vil difor bli gjennomført som ei direkteanskaffing frå ein norsk industripartnar i tråd med Anskaffelsesreglement for Forsvaret. For låggraderte kryptoløysingar vil det bli sendt ut ei oppmoding om informasjon til relevant norsk industri.