Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Markering av at dei siste frå spesialstyrkane kjem heim frå Afghanistan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

På laurdag vil regjeringa markere at det siste flyet med soldatar og utstyr kjem heim frå Afghanistan. Statsministeren, forsvarsministeren og Sjef Forsvarets operative hovudkvarter tek i mot styrkane som kjem med fly til Noreg frå Afghanistan. Det blir høve for media å delteke på markeringa.

Priv-til-red.: NB! Påmeldingsfrist er allereie ved midnatt i kveld 25. juni. Kun eit begrensa tal med norske journalister med pressekort slepp inn. Påmelding til kommunikasjonsrådgjevar Lars Gjemble, mobil 909 73 891, Lars.Gjemble@fd.dep.no

Vi treng namn på journalist, mediehus og info om køyretøy som ein kjem med.  Vi ber presse som meld seg på om å ta omsyn til smittevern og halde avstand til kvarandre og dei som blir intervjua.

 

Oppmøtetid: Laurdag 26. juni kl. 15:45

Oppmøtestad: Gardermoen militære flyplass (Ytre Port)

 

Kontakt for Forsvaret: Oberstløytnant Vegard Finberg tlf. 953 03 636.

Kontakt for statsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Ella Ege Bye, tlf. 932 68 350

Kontakt for forsvarsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Lars Gjemble, tlf. 909 73 891

Forsvarets mediesenter vil tilby bilete frå markeringa. Vi legg til rette for korte intervju med statsministeren, forsvarsministeren, Sjef FOH, representant frå Forsvarets spesialstyrkar og representant frå sanitetsbidraget.

 

Meir om styrkane

NATOs militære nærvær i Afghanistan går no mot slutten. 14. april 2021 vedtok NATO at alle allierte styrkar skal trekkast ut av Afghanistan. NATOs avvikling av operasjon Resolute Support Mission i Afghanistan går så langt etter planen. Dei siste av soldatane frå spesialstyrkene kjem heim laurdag.

Under NATO-toppmøtet i Brussel 14. juni kunngjorde regjeringa at Noreg tar sikte på å forlenga feltsjukehus-bidraget i Kabul ut 2021. Difor har vi framleis personell igjen til å driva feltsjukehuset vidare i Afghanistan. Alle andre vil laurdag vere ute av Afghanistan.