Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Forsvarsministeren deltek på markering for krigsseglarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Laurdag 27.september kl 14.00 arrangerast ei minnemarkering for krigsseglarane sin innsats i to verdskrigar. Arrangementet tek plass i Minnehallen i Stavern, som er det nasjonale minnesmerket for sjømenna som falt under dei to verdskrigane.

Laurdag 27. september kl 14.00 arrangerast ei minnemarkering for krigsseglarane sin innsats i to verdskrigar. Arrangementet tek plass i Minnehallen i Stavern, som er det nasjonale minnesmerket for sjømenna som falt under dei to verdskrigane.

Etter minnemarkeringa vil statsråden få ein omvisning på Hestmanden. Det vil det vere mogleg å få snakke med statsråden utanfor Hestmanden etter omvisninga.

Priv-til-red.:

For intervju med forsvarsministeren, ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Marita Hundershagen på tlf 902 87 846.