Forsvarsministeren fekk open vurdering frå E-tenesta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Forsvarsdepartementet
Pressemelding | Dato: 10.02.2015
12. februar 2015 fekk forsvarsminister Ine Eriksen Søreide årets opne vurdering frå E-tenesta, kalla FOKUS 2015.
Forsvarsministeren får open vurdering frå E-tenesta
Se sendingen her
Priv-til-red.:
Sjef Etterretningstenesta, generalløytnant Kjell Grandhagen vil leggje fram årets vurdering frå Etterretningstenesta, med spesiell vekt på utvalde tema og geografiske områdar. Både forsvarsministeren, forsvarssjefen og Sjef E-tenesta er tilgjengelege for media etter framlegginga.
Det er femte gong Etterretningstenesta gjev ut ei open vurdering.
Tid: Torsdag 12. februar kl. 10. Stad: Forsvarsdepartementet, Glacisgate 1.
Oppmøte for media seinast 09.45. Ta med pressekort og legitimasjon. Det er ope for å sette opp kamera og liknande frå 09.30.
FOKUS 2015 vil bli lagt ut på forsvaret.no i etterkant av framlegginga.
Pressekontakt for Forsvaret: Oberstløytnant Eystein Kvarving, telefon 990 92 005.
Pressekontakt for forsvarsministeren: Marita I. Wangberg, telefon 90512319 eller Forsvarsdepartementets pressevakt, telefon 2309 6011.
For meir informasjon, sjå Forsvaret si heimeside.