Historisk arkiv

Kystvakta:

Bygging av KV-fartøy i Noreg sikrar nasjonal beredskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Noreg får tre helikopterbærande kystvaktfartøy. Fartøya skal byggjast ved eit norsk verft for å sikra nasjonal beredskap og sikker forsyning innanfor det maritime området. Ein stor del av leveransane til det norske verftet sine underleverandørar er òg norske. Prosjektramma er om lag 6,8 milliardar kroner.

Dei tre fartøya Noreg har i dag, har vore i bruk sida 1980-talet. Regjeringa har framskynda kjøp av dei tre nye fartøya sånn at det fyrste fartøyet er planlagd levert allereie i 2022.

Anskaffinga er definert inn under EØS-avtalen sin artikkel 123, bokstav b (nasjonale sikringsomsyn). Artikkelen gjer Noreg lov til å rette førespurnaden til nasjonale verft, sånn at kompetanse og kapasitet til å byggja, utrusta og vedlikehald vert i landet.

– Anskaffinga av tre isforsterka, helikopterbærande kystvaktfartøy sikrar ein vidareføring av Forsvaret sin evne til å løyse oppgåvene i nordområda. Fartøya er dimensjonert for å løyse oppgåver i fredstid, men dei vert og utrusta for å ivareta suverenitetshevding, eigensikring og myndigheitsutøving, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Det er Vard Langstein AS som er valt ut til sluttforhandlingar, men ein kontrakt krev Stortinget sin godkjenning. Dersom Stortinget godkjenn investeringa, vert kontrakta signert etter kort tid.

Fartøya vert bygd i tråd med dei strengaste klassekrava for miljø. Både gass, hybrid og hel-elektrisk er vurdert som framdriftsløysing, men grunna fartøyets si oppgåve og operasjonsmønster vert eit diesel-elektrisk system valt. Fartøya byggast med moglegheit til å sette inn batteripakke for hybriddrift seinare.

Fartøya skal samvirke med og støtte sivile myndigheter og militære avdelingar.