Landmakta får over 340 millionar ekstra
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Forsvarsdepartementet
Pressemelding | Nr: 59/2018 | Dato: 08.10.2018
– Regjeringa vil at utviklinga av landmakta skal vere berekraftig på lang sikt. Slik blir utviklinga i heile Forsvaret best mogleg, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.
Slik vil regjeringa følge opp Stortingets oppmodingsvedtak om landmakta:
- sette av 341 millionar kroner ekstra til den vidare utviklinga av landmakta,
- styrke Heimevernet med 216,5 millionar kroner i 2019. Av dette er 97,5 millionar kroner til økt trening og øving og styrking av drifta i Heimevernet og 119 millionar kroner til materiellfornying,
- styrke kvaliteten i Heimevernet og auke operativ evne gjennom meir trening, øving, kurs og materiellfornying,
- finansiere ein Heimevernsstruktur på totalt 40 000 soldatar med 3 000 i innsatsstyrkane og 37 000 i områdestrukturen.
- auke tildelinga til Heimevernet med 61 millionar kroner, slik at større delar av områdestrukturen kan trene lenger kvart år,
- skaffe kampluftvern til Hæren, noe dei ikkje har hatt sida begynnelsen av 2000-tallet,
- styrke Hæren med ei auking på om lag 500 millionar kroner nominelt frå 2018,
- auke Forsvarets nærvær i Finnmark ved etableringa av eit nytt jegerkompani ved Garnisonen i Sør-Varanger og eit nytt manøverelement ved Garnisonen i Porsanger,
- gjere om 2. bataljon til ein mekanisert bataljon med høg reaksjonsevne heile året,
- forlenge levetida for stridsvognene fram til nye vogner er på plass og
- dele helikopterkapasiteten (Bell) sånn at både Hæren og spesialstyrkane får støtte, med supplerande støtte til Hæren frå sivile helikopter.
Regjeringa vil gjere om 2. bataljon til ein mekanisert bataljon med høg reaksjonsevne gjennom heile året. Bataljonen skal vere basert på mobiliseringsdisponert personell. Vidareutviklinga av 2. bataljon må sjåast i samanheng med fleire tiltak i Hæren, blant anna innanfor fyrstegongstenesta som også aukar reaksjonsevna.
Ein auka ambisjon for 2. bataljon utan auka finansiering vil redusera moglegheita til å gjennomføra andre viktige tiltak i langtidsplanen, blant anna tiltaka i Finnmark med ein kavaleribataljon på Porsangmoen.
Regjeringa arbeider for å skaffa moderne stridsvogner, med planlagt innfasing i perioden 2025–2027. I mellomtida vil dagens stridsvogner levetidsforlengas for å oppretthalde kapasiteten fram til nye er på plass.
Regjeringa har jobba vidare med ein plan som ivaretek Stortingets ambisjon om helikopterkapasitet til spesialstyrkane, og som samtidig gjer Hæren helikopterstøtte frå Bardufoss. Regjeringa planlegg med at endringane byrjar i 2019, men vil oppretthalde Forsvarets beredskap for politiet i Nord-Norge inntil alternativ løysing er på plass. I tillegg har Forsvaret høsten 2018 inngått ei rammeavtale for innleige av sivile helikoptre som vil gi supplerande støtte til Forsvarets helikoptere.