Historisk arkiv

Regjeringa føreslår nye investeringar til Forsvaret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Regjeringa har bede om Stortinget si godkjenning til å starte opp to investeringsprosjekt, nye artillerilokaliseringsradarar til Hæren og modernisering av rullebane på Ørlandet. Prosjekta er i samsvar med inneverande langtidsplan. I tillegg er kostnadsramma for fasilitetar for maritime patruljefly på Evenes endra.

Radar avslørar fiendtlege våpensystem

Regjeringa legg fram forslag om å skaffe Hæren fem artillerilokaliseringsradarar. Radaren er ein viktig føresetnad for å oppnå ei effektiv eldstøtte frå eit artillerisystem. Radaren gjev Hæren evne til å lokalisere skytande fiendtlege våpensystem hurtig og nøyaktig nok for effektiv leiing av kontraskyting med eigen eld, og med minimal risiko for utilsikta skade på tredjepart.

- Det nye systemet vil gje støtte til operasjonar nasjonalt og internasjonalt, og gje auka operativ tilgjengelegheit og evne samanlikna med det eksisterande systemet. Samstundes sit personalet beskytta i et pansra køyrety, noko som minskar behovet for mannskap til vakthald og sikring, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Den eksisterande radaren vart teke i bruk i Hæren på slutten av 1990-talet. Desse radarane har nådd sin teknologiske levealder og er mogne for utskifting. Fleire av komponentane har gått ut av produksjon og er ikkje mulig å skaffe på nytt.

Prosjektet skal skaffe fem artillerilokaliseringsradarar med tilhøyrande pansra køyrety, logistikk og materiell for utdanning. Leveringa er planlagt å finne stad innan 2024, og den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 1502 millionar kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for usikkerheit. Ekstern kvalitetssikring er gjennomførd.

Anskaffinga av det nye radarsystemet vil bli gjennomførd med konkurranse mellom fleire leverandørar.

I samband med anskaffinga vil det bli stilt krav om at det vert inngått ei avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innan hovudkontrakten vert signert. Ei avtale om industrisamarbeid skal minst ha ein tilsvarande verdi som hovudkontrakten. Forsvarsdepartementet vil fylgje nøye opp at avtala vert oppfylt.

Regjeringa vil utbetre og modernisere ei rullebane på Ørland flystasjon.
Regjeringa vil utbetre og modernisere ei rullebane på Ørland flystasjon. Foto: Forsvarsbygg

Større og meir moderne rullebane på Ørlandet

Regjeringa ber Stortinget om tilsegn til ei kostnadsramme på 598 millionar kroner for å utbetre og modernisere ei rullebane på Ørland flystasjon.

- Endringane vil betre flystasjonen sin evne til å gjennomføre luftoperasjonar både med nasjonale flystyrkar og allierte forsterkingsstyrkar, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

I tillegg vil ein ha éi rullebane tilgjengeleg dersom hovudrullebana må stenge ned, til dømes ved større vedlikehald.

Undersøkingar har vist at underliggjande asfaltlag har skader etter bruk av kjemikaliar for avising av banedekket over mange år. Kvaliteten på eksisterande asfaltdekke gjev difor ein auka risiko for sprekkdanning og for at asfaltflak kan losne og skada flya. I tillegg er eksisterande lys langs taksebanane mogne for utskifting grunna elde.

Prosjektet omfattar utskifting av asfaltdekke på taksebana, påkøyringsrampene og etablering av ny lyssetjing både langsmed bana og rampene. Samstundes vil ein og rette opp eit avvik på eksisterande tverrfall for vatnavrenning på taksebana, utvide banebredda og auke bereevna til tryggingsområdet for å møte krava til naudrullebane/reserverullebane i samsvar med NATO sine krav.

 

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 598 millionar kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for usikkerheit.

Evenes flystasjon
Evenes flystasjon Foto: Forsvarsbygg

Hangar til nye patruljefly

Regjeringa ber Stortinget godkjenne ny kostnadsramme for etablering av fasilitetar for dei nye maritime patruljeflya på Evenes stasjon. Orsaka er naudsynte endringar for unngå turbulens som ville gå utover anna flytrafikk. Meirkostnadene er berekna til 393 millionar kroner utan ei avsetting for uvisse. Totalkostnaden for heile utbygginga på Evenes er fortsatt innafor kostnadsramma på 5,08 milliardar 2020-kroner som Stortinget tidlegare er informert om.

Prosjektet som skal få på plass fasilitetar for dei nye maritime patruljeflya på Evenes flystasjon vart godkjent med ei kostnadsramme på 1 800 millionar kroner medrekna innreiing, meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse med eit kostnadsnivå pr. 1. juli 2019. Styringsramme vart sett til 1 570 mill. kroner. Prisjustert til kostnadsnivå pr. 1. juli 2020 er rammene høvesvis 1 842 og 1 607 millionar kroner.

Prosjektet inneber etablering av ein hangar med plass for tre fly, der to plassar er knytt til vedlikehald og ein til vask av flya. Vidare inneheld prosjektet administrative fasilitetar både for flyskvadronen og vedlikehaldsskvadronen, ulike verkstadfasilitetar, teknisk lager og verkstad- og lagerfasilitetar for bakkeutstyr og redningsutstyr. I tilknyting til dette vert det etablert tre plassar for flyoppstilling, plattform for lasting av ammunisjon og utandørs spyleanlegg.

- Fasilitetane skulle lokaliserast på ein kompakt måte på Forsvaret sin eigendom heilt sør på Evenes flystasjon parallelt med og på vestsida av eksisterande rullebana. Det vart gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samband med godkjenninga i 2019. Ekstern kvalitetssikrar konkluderte først med at prosjektet kunne vidareførast i samsvar med forprosjektet, men etter ein ny analyse av mellom anna Avinor og Luftfartstilsynet, vart konklusjonen at plasseringa av ein hangar måtte endrast for å tilfredsstille sivile flyoperatørars behov for tryggleik, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Ny plassering av hangaren førte og med seg andre behov for ein annan løysing for avrenning av kjemikaliar nytta til avising av flya. Totalt er kostnadsramma anbefalt auka med 558 millionar kroner. Arbeidet med å finne ei ny lokalisering av hangaren til dei maritime patruljeflya inneber ei ferdigstilling sommaren 2023, mot sommaren 2022 slik det opphavleg var planlagd. Forsvaret planlegg å ta i bruk dei maritime patruljeflya frå ei mellombels løysing på Evenes frå 1. kvartal 2022 for å starte trening og øving av besetningane så tidleg som mogeleg. Det er nødvendig for å halda den operativ evna oppe så mykje som mogeleg i overgangen mellom gammal og ny flytype. For å klare dei operative leveransane med dei nye maritime patruljeflya er det viktig at den permanente fasiliteten står klar sommaren 2023.