Historisk arkiv

Svar på spm. 314 fra stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Om differensiert arbeidsgiveravgift

Jeg viser til brev datert 29. januar 2014 fra Stortingets presidentskap vedlagt spørsmål til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete.

Spørsmål:
«Kan finansministeren stadfesta at ho vil arbeide for at den differensierte arbeidsgjevaravgifta skal ha eit geografisk verkeområde på minst same nivå som i dag, som inkluderer heile Nord-Noreg, samt uendra satsar?

Grunngjeving:
Avisa Nordland har fått tilgang til eit internt notat frå eit møte mellom Bodø kommune og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, der det går fram at det ikkje er semje mellom Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet når det gjeld Noreg sin forhandlingsposisjon ovanfor ESA i saka om reforhandlingar av den differensierte arbeidsgjevaravgifta.

Dette er eit utdrag frå den interne rapporten ein kunne lesa i Avisa Nordland:
"I møte mellom Bodø og KMD fremgikk det at Finansdepartementet og KMD var svært uenig mht. Norges forhandlingsposisjon overfor ESA. Finansdepartementet viste til at Bodø og Tromsø har vekst og interesserte seg lite for at denne i hovedsak finner sted i offentlig sektor. For Finansdepartementet synes det som at saken utelukkende dreier seg om et kortsiktig provenyspørsmål i et statsbudsjettperspektiv. Finansdepartementet og KMD oppnådde imidlertid et kompromiss om Norges notifiseringsutgangspunkt overfor ESA."

Med dette er det skapt uvisse om kva ambisjonar regjeringa har for den differensierte arbeidsgjevaravgifta i forhandlingane som no går føre seg med EU.»

Svar:
Rammene for ordning med differensiert arbeidsgjevaravgift er gitt av ESA i form av retningslinjer for regional statsstøtte. ESA har vedteke nye retningslinjer, som skal gjelde frå 1. juli i år. Noreg må altså notifisere og få godkjent vidareføring av differensiert arbeidsgjevaravgift innafor ramma av nye retningslinjer.

Regjeringa vil arbeide for eit geografisk virkeområde på minst same nivå som i dag, inklusive heile Nord-Norge. For å sikre langsiktighet for næringslivet, vil regjeringa arbeide for å videreføre satsene om lag på same nivå som i dag. Regjeringa legg opp til å sende notifiseringa av ordninga som skal gjelde frå 1. juli i år, innan utgangen av første kvartal 2014.

Dei nye retningslinjene set visse nye vilkår til å gi regionalstøtte til bl.a. energi­sektoren, finans- og forsikringssektoren samt transportsektoren. Omfanget av dei nye vilkåra er noe usikre, og regjeringa arbeider aktivt for å få rask avklaring i EU-kommisjonen og ESA.

Kva kommunar som kan inkluderast i dei geografiske virkeområda, vil først være klart når ESA har godkjent ordninga. Det same gjelder satsar og sektorar.

Med helsing
Siv Jensen