Svar på spm. nr. 812 fra representant Per Olaf Lundteigen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Finansdepartementet
Oversikt over fordeling av renteutgifter
Svar til Stortinget | Dato: 13.04.2015
Mottaker: Stortingets presidentskap
Vår referanse: 15/1541-2
Eg viser til brev av 27. mars 2015 frå Stortingets president med spørsmål frå stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen.
Spørsmål:
Den svenske allmennkringkastaren SVT har nyleg publisert ein artikkel med tilhøyrande tv-innslag som viser korleis verdien av det svenske rentefrådraget er fordelt mellom ulike hushald fordelt på inntektsgrupper. Tala viser at 85 pst. av verdien av frådraget går til den halvparten med høgast inntekt. Kan statsråden leggja fram ei oversikt over korleis verdien av det uavgrensa frådraget for renteutgifter er fordelt mellom norske hushald der hushalda er gruppert på i) inntektsdesimalar og ii) fylke?
Grunngjeving:
Peikar til SVT-artikkelen «Rika får mest av statens 30 miljarder i ränteavdrag» er å finna her: http://www.svt.se/nyheter/ekonomi/rika-far-mest-av-statens-30-miljarder-i-ranteavdrag
Svar:
I det norske skattesystemet er det to inntektsskattegrunnlag for personar, alminneleg inntekt og personinntekt. Mens personinntekt er eit bruttoinntektsgrunnlag utan frådrag, er alminneleg inntekt er eit nettoskattegrunnlag som i prinsippet skal vere den same som den faktiske økonomiske nettoinntekta til den enkelte etter at ein har trekt frå alle utgiftar til inntektenes erverv. Renteutgifter er en sentral utgift for erverv av kapitalinntekter og må difor komme til frådrag. Til dømes må det være slik at alle reelle kostnader knytt til investeringar i personlig næringsverksemd, inkludert rentekostnader ved gjeldsfinansiering av investeringane, må kome til frådrag for å få eit riktig skattegrunnlag.
Grunngjevinga for rentefrådraget er altså ikkje å gi støtte til gjeldsfinansiert kjøp av bustad, andre kapitalobjekt eller forbruk, men å skape symmetri mellom inntekter og utgifter meir generelt. I dag er det likevel ein asymmetri i skattlegginga av bustader ved at dei reelle kapitalinntektene frå eigen bustad ikkje skattleggjas.
Det er difor naturleg at personar som eig mykje kapital også har høgare kostnader knytt til kapitalen dei eig enn personar som eig lite kapital. Sidan kapital er relativt skeivt fordelt i befolkninga, er det også naturleg at kapitalutgiftene er skeivt fordelt. Ein kan difor ikkje sjå isolert på fordelinga av renteutgiftene utan samtidig sjå på fordelinga av kapitalinntektene og skatten som betales på netto kapitalinntekter.
Tabell 1 viser fordelinga av renteutgifter og berekna skatteverdi av rentefrådraget for befolkninga fordelt på desiler. Befolkninga er fordelt etter ekvivalent inntekt kor det er korrigert for stordriftsfordelar og forsørgjeransvar i hushalda (dvs. per forbrukseining). Tabell 2 viser gjennomsnittleg renteutgift og berekna skatteverdi av rentefrådraget per person fordelt på fylka. Det vil være avvik mellom gjennomsnitta i tabellane ettersom tabell 1 er basert på gjennomsnitt for hushalda (per forbrukseining) mens tabell 2 er basert på gjennomsnitt for personar.
Tabell 1 Renteutgifter etter desiler fordelt etter inntekt etter skatt per forbrukseining. 2013. Kroner
Samla renteutgifter i mill. kroner |
Gjennomsnitt per hushald |
Gjennomsnittleg berekna skatteverdi1 |
|
Desil 1 |
2 082 |
8 900 |
2 400 |
Desil 2 |
2 936 |
12 500 |
3 400 |
Desil 3 |
4 962 |
21 100 |
5 700 |
Desil 4 |
7 402 |
31 500 |
8 500 |
Desil 5 |
9 587 |
40 800 |
11 000 |
Desil 6 |
11 619 |
49 500 |
13 400 |
Desil 7 |
13 379 |
56 900 |
15 400 |
Desil 8 |
15 185 |
64 600 |
17 500 |
Desil 9 |
17 582 |
74 800 |
20 200 |
Desil 10 |
23 846 |
101 500 |
27 400 |
I alt |
108 578 |
46 200 |
12 500 |
- Berekna som 27 pst. av renteutgifta. Talet kan overdrive den reelle skatteverdien da ein del hushald ikkje betaler skatt på alminneleg inntekt.
Kjelde: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå, Inntektsstatistikk for hushald 2013.
Tabell 2 Renteutgifter fordelt på fylke. Gjennomsnitt per person 17 år og eldre for 2013. Kroner
|
Renteutgift |
Berekna skatteverdi1 |
01 Østfold |
24 800 |
6 700 |
02 Akershus |
30 800 |
8 300 |
03 Oslo |
30 900 |
8 300 |
04 Hedmark |
22 800 |
6 200 |
05 Oppland |
21 800 |
5 900 |
06 Buskerud |
25 400 |
6 900 |
07 Vestfold |
27 000 |
7 300 |
08 Telemark |
23 300 |
6 300 |
09 Aust-Agder |
25 700 |
6 900 |
10 Vest-Agder |
26 700 |
7 200 |
11 Rogaland |
30 700 |
8 300 |
12 Hordaland |
26 900 |
7 300 |
14 Sogn og Fjordane |
20 100 |
5 400 |
15 Møre og Romsdal |
24 500 |
6 600 |
16 Sør-Trøndelag |
26 300 |
7 100 |
17 Nord-Trøndelag |
23 800 |
6 400 |
18 Nordland |
24 400 |
6 600 |
19 Troms Romsa |
24 800 |
6 700 |
20 Finnmark Finnmárku |
24 300 |
6 600 |
- Berekna som 27 pst. av renteutgifta. Talet kan overdrive den reelle skatteverdien da ein del personer ikkje betaler skatt på alminneleg inntekt.
Kjelde: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå, tal frå sjølvmeldinga for 2013.
Med helsing
Siv Jensen