Svar på spm. 874 frå stortingsrepresentant Hadia Tajik
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Finansdepartementet
Svar til Stortinget | Dato: 17.02.2020
Mottakar: Stortinget
Vår referanse: 20/659
Kontrollomfang
Eg viser til brev av 6. februar 2020 frå Stortingets president, vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Hadia Tajik til skriftleg svar:
«Kan statsråden leggje fram a) kontrolltal inndelt etter type for rekneskapskontroll, formalkontroll, oppgåvekontroll meirverdiavgift, utvida likningskontroll for næringsdrivande og arbeidsgjevarkontroll, samt b) tal og fakta som syner om det er skilnad på kontrollhyppigheit etter storleik på føretaka?
Begrunnelse:
Viser til svar på skriftleg spørsmål nr. 752.»
Svar:
Utviklinga i kontrollomfang må sjåast i samanheng med at Skatteetaten dei siste åra har endra arbeidsmetodikk og no i større grad legg vekt på heilskapleg verkemiddelbruk, jf. mitt svar på spørsmål 752. Skatteetatens val av verkemiddel skjer på grunnlag av kunnskap om risiko og kva som gjev etterleving i ulike målgrupper. Denne tilnærminga er i tråd med tilrådingar frå OECD.
Frå 2012 endra Skatteetaten kontrollomgrepa sine for betre å kunne kategorisere kontrollane etter formålet med kontrollen og for å få betre kvalitet i talgrunnlaget. Dei nye kontrollomgrepa passa òg betre med den nye arbeidsmetodikken.
Skatteetaten har opplyst om følgjande kontrolltal, inndelt etter type:
Kontrolltype |
2010* |
2011* |
2012 |
2013 |
2014 |
2015 |
2016 |
2017 |
2018 |
Rekneskapskontrollar |
4 677 |
5 811 |
|
|
|
|
|
|
|
Formal- og informasjonskontrollar |
691 |
394 |
|
|
|
|
|
|
|
Avgrensa rekneskapskontrollar** |
1 500 |
|
|
|
|
|
|
|
|
Etterkontrollar (avdekking-, oppfølging- og undersøkingskontrollar) |
7 007 |
5 184 |
4 490 |
2 920 |
3 359 |
3 236 |
3 555 |
||
Formal- og grunnlagsdatakontrollar |
110 |
237 |
1 498 |
1 364 |
1 941 |
1 028 |
943 |
||
Oppgåvekontroll meirverdiavgift |
20 144 |
20 212 |
20 791 |
16 085 |
12 298 |
13 493 |
12 499 |
11 279 |
10 320 |
Utvida kontrollar under likninga |
33 000 |
19 646 |
32 957 |
15 272 |
16 120 |
13 910 |
14 742 |
12 175 |
13 815 |
Arbeidsgjevarkontrollar skatteoppkrevarane |
8 141 |
8 667 |
9 067 |
8 888 |
10 142 |
9700 |
9 142 |
9 956 |
10 887 |
*Frå 2012 endra Skatteetaten kontrollbegrepa sine. Tala for 2010 og 2011 er difor ikkje direkte sammenliknbare med tala for perioden 2012–2018.
** Avgrensa rekneskapskontrollar vert ikkje nytta etter 2010.
Skatteetaten følgjer ikkje talet på kontrollhyppigheit etter storleiken på selskapa. Slike tal kan skaffast til vege, men det vil være særs tid- og ressurskrevjande for etaten. Årsaka til at etaten ikkje treng slike tal, er at dei gjev eit lite dekkjande bilete av korleis Skatteetaten arbeider. Skatteetaten rettar særleg innsatsen sin mot område og verksemder der risikoen for manglande etterleving er størst, uansett storleik, og bruker mange virkemiddel i dette arbeidet.
Etaten har ei eiga storbedriftsavdeling som er i kontinuerleg dialog med dei store konserna for å sikre riktig skatt og meirverdiavgift. Storbedriftsavdelinga utarbeider ei konsernrisikovurdering for alle konsern med over 1 mrd. kroner i omsetning og gjennomfører bransjeanalysar der det er formålstenleg. Denne arbeidsmetodikken gjev Skatteetaten god kunnskap om konserna og set den i stand til å førebyggje risiko for manglande etterleving. Storbedriftsavdelinga har òg ansvar for Skatteetatens arbeid med internprising.
For alle selskap som er omfatta av konserntilnærminga, vert ei risikobasert vurdering og oppfølging nytta. Kontroll er berre eit av fleire verkemiddel her.
Med helsing
Jan Tore Sanner