Historisk arkiv

Svar på skriftlig spørsmål nr. 1321 fra stortingsrepresentant Hadia Tajik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til skriftlig besvarelse til finansministeren:

Kor stort proveny av dei anslåtte 20 mrd. kr pr. mnd av kontantstøtta til bedrifter som er stengt ned eller som opplever sterkt omsetningsfall på grunn av korona er fordelt på a) leie av lokale, b) lys og varme, c) vatn og avløp, d) forsikring, e) leige av utstyr og transportmidlar og f) nettorenteutgiftar, der sistnevnte vert fordelt på interne og eksterne rentekostnader og for å sikre at støtta ikkje vert ført ut av landet, kva faktor vurderer departementet å setje for støtteutbetaling per konsern og kva faktor vurderer regjeringa å nedskalere gjeldsrenter?

Begrunnelse:
I Prop. 70 LS (2019–2020) Proposisjon til Stortinget Lov om midlertidig tilskuddsordning for foretak med stort omsetningsfall m.m heiter det at departementet og vil vurdere om det er mogleg å leggje inn tiltak for å hindre at midlar vert ført ut av landet. Ifølge tal frå «Regnskap for ikke-finansielle foretaks utenlandsfinansiering» og ein rapport frå SSB har norske selskaper si samla gjeld til utlandet meir enn fordobla seg i perioden 2005-17, og rapporten syner og at auka intern gjeld kan vere motivert av skatteplanlegging. I samband med støtteordninga slik ho er presentert i Prop 70 LS (2019-2020) heiter det at regjeringa «tar sikte på en grense på 30 mill. kroner per foretak per måned. Selskap som inngår i konsern reiser særlige problemstillinger, blant annet for beregningen av tilskudd. Departementet vil vurdere om en maksimumsgrense for støtte skal gjelde samlet for konsern som foretaket inngår i». Ei anna kjent metode for å flytte overskot ut av landet er via royalties, noko som ikkje er med som fast kostnad i ordninga, men regjeringa omtaler ikkje årsaka til dette. Vidare heiter det at «Det vurderes å sette en begrensning på utgifter til leie av lokale og til gjeldsrenter. Departementet vil derfor ha adgang gjennom forskrift til at slike kostnader nedskaleres med en gitt faktor».

Svar:
Kompensasjonsordninga blei opna laurdag 18. april, først for føretak som er stengde ned som følgje av statleg vedtak, deretter for andre føretak. Kostnaden ved ordninga er anslått til 10-20 milliardar kroner per månad, og det er gjort ei overslagsløyving på 50 milliardar kroner for perioden ordninga er meint å vare i første omgang. Etterkvart som søknader nå blir innvilga og betalte ut, vil departementet få oversikt over korleis kostnadene fordeler seg på ulike kostnadstypar. Vi vil også vurdere justeringar i ordninga etter kvart som vi ser korleis ho verkar.

Med utgangspunkt i rekneskapstal for 2018 har departementet forsøkt å berekne ei slik fordeling. Tala er svært usikre, og det kan og vere noko ulik praksis med omsyn til kva for kostnader som er førte på dei ulike postane. Grovt sett tyder 2018-tala på at 30-50 prosent av dei samla uunngåelege faste kostnadene var knytt til husleige og leige av lokale, medan den resterande delen av kostnadene fordelte seg meir eller mindre likt med relativt små andelar på dei andre postane som er nemnde i spørsmålet.

For beløp som etter støtteformelen overstig 30 millionar kroner per månad er det innført ein eigen skaleringsfaktor på 50 prosent. Den maksimale støtteutbetalinga er sett til 80 millionar kroner per månad, likt for konsern og store føretak. Regjeringa har så langt ikkje sett ein eigen nedskaleringsfaktor for gjeldsrenter ut over den generelle nedskaleringsfaktoren som gjeld for utrekninga av alle støttebeløp under ordninga.

Føremålet med ordninga er å unngå arbeidsløyse i Noreg og unngå unødige konkursar i norsk næringsliv. I avklaringa med ESA har vi hatt krevjande diskusjonar om korleis vi kan sikre at ordninga verkar etter føremålet. Spesielt gjaldt det om utanriks sjøfart og andre verksemder som er skattepliktige og registrerte i Noreg, men som har heile eller store delar av aktiviteten utanfor Noreg, skal vere med i ordninga. Ordninga er avgrensa til føretak som er registrerte i Noreg og skattepliktige til Noreg. I tida framover vil vi sjå om ordninga treffer i første runde, og så vil vi vurdere om det er behov for fleire avgrensingar. Det må i så fall skje i dialog med ESA.

Med helsing

Jan Tore Sanner