Fullmakt til opptak av statslån i 2014
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Finansdepartementet
Nyheit | Dato: 22.11.2013
Finansdepartementet legg i dag fram proposisjon om fullmakt til å ta opp statslån i 2014.
Finansdepartementet legg i dag fram proposisjon om fullmakt til å ta opp statslån i 2014.
I tråd med vanleg praksis blir det lagt opp til at det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet i 2014 blir dekt ved ei overføring frå Statens pensjonsfond utland. Staten har likevel eit lånebehov som knyter seg til avdrag på statslån og utlån til statsbankar og andre.
Ifølgje budsjettforslaget for 2014 har staten eit brutto finansieringsbehov på 62,8 mrd. kroner i 2013. Finansieringsbehovet vil etter planen bli dekt ved opptak av nye lån innanlands og ved trekk på kontantbehaldninga. Finansieringsbehovet svingar mykje fra år til år, og av omsyn til marknaden for statspapir legg ein opp til å jamne ut den langsiktige opplåninga mellom enkelte år.
Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske lån er foreslått sett til 100 mrd. kroner, og fullmakta for maksimalt uteståande i kortsiktige marknadspapir (statskassevekslar) er foreslått sett til 200 mrd. kroner. Statskassevekslar som blir nytta i ordninga med byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett, er inkludert i denne fullmakta.
Finansdepartementet og Noregs Bank vil i desember offentleggjere ein auksjonskalender for sal av statsobligasjonar og statskassevekslar i 2014.