Brev til Finans Noreg om MREL og krav til etterstilling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Finansdepartementet
Nyheit | Dato: 06.08.2021
Finansdepartementet har i dag svart på ein førespurnad frå Finans Noreg om forståinga av rammene for krav til etterstilling i det komande krisehandteringsregelverket for bankar (BRRD2).
Desse rammene vil vere relevante for Finanstilsynet si fastsetting av bankspesifikke minstekrav til summen av ansvarleg kapital og konvertibel gjeld («minimum requirement for own funds and eligible liabilities», MREL).