Oppdrag til Finanstilsynet om PEPP-forordninga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Finansdepartementet
Nyheit | Dato: 30.09.2021
Finansdepartementet har i dag bede Finanstilsynet om å greie ut norsk gjennomføring av ei EU-forordning om eit felles-europeisk personleg pensjonsprodukt (PEPP).
PEPP er frivillige pensjonsspareprodukt, og målet med forordninga er mellom anna å bidra til auka valmoglegheiter for pensjonssparing, særleg for arbeidstakarar som flyttar over landegrensene.