Vil erstatte tollova med ny vareførsellov og ny tollavgiftslov
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Finansdepartementet
Nyheit | Dato: 17.09.2021
Regjeringa har i dag lagt fram forslag til ny lov om inn- og utførsel av varer og ny lov om tollavgift. Dei to nye lovene skal erstatte dagens tollov, og sikre at lovverket er oppdatert og betre tilpassa Tolletaten sine ansvarsområde.
Forslaget inneber at omgrepet toll, i form av avgift på varer ved innførsel, blir erstatta med omgrepet tollavgift, og at regelverket om tollavgift blir tatt inn i eiga lov. Det synleggjer at desse reglane gjeld det offentlegrettslege pengekravet. Samstundes er forvaltingsreglane om blant anna fastsetting og endring av tollavgift utforma etter mønster av skatteforvaltingslova, som gjeld for skatte- og avgiftskrav.
Vareførselsreglane skal sikre styresmaktene kunnskap om og kontroll med alle varer som blir ført inn og ut av landet. Dei gjeld dimed uavhengig av om det skal bli berekna tollavgift ved innførselen.
Med sterkt aukande handel av varer over landegrensa er vareførselsregelverket og Tolletaten sin vareførselkontroll blitt stadig viktigare. I tillegg til å kontrollere at dei generelle reglane om inn- og utførsel av varer blir overhaldne, utfører Tolletaten oppgåver på vegner av ei rekke andre offentlege myndigheiter. Ei eiga lov om inn- og utførsel av varer vil bidra til å synleggjere viktigheita av dei generelle vareførselsreglane.
Les proposisjonen i sin helhet: Prop. 237 L (2020–2021) Lov om inn- og utførsel av varer (vareførselsloven) og lov om tollavgift (tollavgiftsloven)