Vil auke konkurransen i bankmarknaden
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Finansdepartementet
Pressemelding | Nr: 19/2014 | Dato: 25.04.2014
Regjeringa legg i dag fram den årlege Finansmarknadsmeldinga. Finansminister Siv Jensen varslar ei rekke initiativ som kan bidra til å auke konkurransen.
Regjeringa legg i dag fram den årlege Finansmarknadsmeldinga. Finansminister Siv Jensen varslar ei rekke initiativ som kan bidra til å auke konkurransen.
- Sterk konkurranse mellom bankane kan auke effektiviteten i produksjonen av varer og tenester, gi lågare priser, meir innovasjon og høgare økonomisk vekst. Både norske forbrukarar og økonomien tener på sunn konkurranse mellom bankane, seier finansminister Siv Jensen.
Konkurransen i finansmarknaden
Finansmarknadsmeldinga drøftar utviklinga og reguleringa av finansmarknadene. Bankane sine utlånsmarginar på føretakslån har vore nokolunde stabile dei seinare åra. Utlånsmarginane på bustadlån har variert meir. Sidan 2011 har dei auka monaleg, om enn frå eit lågt nivå. Dei er no litt lågare enn marginane på føretakslån. Føretakslån er normalt meir risikable enn bustadlån, og tradisjonelt har det difor vore høgare marginar på føretakslån enn bustadlån. Liten forskjell på utlånsmarginane kan tyde på at konkurransen mellom bankane i bustadlånsmarknaden kunne vore sterkare.
Den norske bankmarknaden har vorte meir konsentrert over tid, samstundes som teknologiske framsteg har medverke til å bryte opp geografiske marknader. Norske bankkundar bør være attraktive, og utanlandske bankar har stor aktivitet i den norske marknaden. Norske bankar har blitt meir robuste og konkurransedyktige.
- Eg har tru på at det ligg til rette for sunn konkurranse om norske bankkundar framover, seier finansminister Siv Jensen.
I Finansmarknadsmeldinga varslar finansministeren fleire initiativ som kan medverke til auka konkurranse, mellom anna gjennomgang og vurderingar av:
- krava til informasjon mellom bank og kunde med sikte på å gjere informasjonen lettare tilgjengeleg og meir forståeleg
- lenker til Finansportalen frå finansinstitusjonane sine heimesider, slik at alternative tilbod berre blir eit «tastetrykk unna»
- om det kan leggjast meir til rette for enklare byte av bank, til dømes gjennom nye teknologiske løysingar («nummerportabilitet»)
- koplingane mellom bankane og kredittføretak som utferder OMF
- samarbeid mellom finansinstitusjonar (finansieringsverksemdslova)
Departementet varslar òg at det vil opprette eit konkurransefagleg forum for å styrkje kontakten og informasjonsutvekslinga mellom Finanstilsynet, Konkurransetilsynet og forbrukarstyresmaktene om konkurransefaglege spørsmål.
- Skal konkurransen fungere godt, må kundane få god informasjon om alternative tilbod og det må vere lett å bytte bank, seier finansministeren.
Finansiell stabilitet
Finansmarknadsmeldinga inneheld ei analyse av utsiktane for finansiell stabilitet. Ein viktig faktor i denne gjennomgangen er stoda i norske finansinstitusjonar.
Norske finansinstitusjonar går godt. Norske bankar samla fekk eit resultat før skatt på vel 45 mrd. kroner i 2013. Dette var om lag 8 mrd. kroner meir enn året før. Betringa av resultatet kjem for det meste av ein auke i netto renteinntekter, som er den viktigaste inntektskjelda til bankane.
Norske bankar har styrkt soliditeten monaleg dei seinare åra. For bankane under eitt har den reine kjernekapitaldekninga auka jamt med til saman 5 prosentpoeng sidan 2008. Gode resultat no gjer at bankane kan fortsette denne styrkinga. Kundane, eigarane, dei tilsette og samfunnet er tent med sterke og solide bankar.
Utøvinga av pengepolitkken
Finansdepartementet meiner at dei gjeldande retningslinene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for Noregs Bank si utøving av pengepolitikken. Det ser ut til å vera brei tillit til pengepolitikken, både blant marknadsaktørar og elles.
I utøvinga av pengepolitikken i 2013 har hovudstyret i Noregs Bank på kort til mellomlang sikt vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Etter ei samla vurdering finn departementet ikkje grunnlag for merknader til den måten Noregs Bank har utøvd pengepolitikken på i 2013.