Statsrekneskapen for 2016
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Finansdepartementet
Pressemelding | Nr: 18/2017 | Dato: 28.04.2017
Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond vart 113 milliardar kroner i 2016. Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2016 vart 208,4 milliardar kroner, 4,1 milliardar lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett.
Det syner statsrekneskapen som vart lagt fram i dag.
Inntektene vart 1,2 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart knapt 3,0 milliardar kroner lågare enn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2016.
Det oljekorrigerte underskotet vart 0,6 milliardar kroner lågare enn i det salderte budsjettet som vart vedteke hausten 2015. Utgiftene vart 10,1 milliardar kroner lågare. Skatte- og avgiftsinntektene vart 15,4 milliardar kroner lågare, medan andre inntekter vart 5,9 milliardar kroner høgare. Avviket mellom budsjettet og rekneskapen for 2016 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik. Frå rekneskapen 2015 auka det oljekorrigerte underskotet med 23,1 milliardar kroner.
Målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er bruken av petroleumsinntekter i 2016 no rekna til 196,6 milliardar kroner eller 2,6 prosent av Statens pensjonsfond utland (SPU) per 31.12.2015.
Kapitalen til Statens pensjonsfond auka med 62,9 milliardar kroner i 2016. Det meste av auken er knytt til SPU. Ved utgangen av 2016 er bokført verdi av SPU i kapitalrekneskapen 7 509,9 milliardar kroner, medan verdien av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er 212,3 milliardar kroner.
Finansdepartementet utarbeider årleg stortingsmeldinga nr 3 om statsrekneskapen. Meldinga har ei fast nummerering og vert send Stortinget innan 1. mai. Statsrekneskapen inneheld ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Kapittel 1 gjev ein samla presentasjon av statsrekneskapen og syner budsjettbalansen og samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond. Statens finansieringsbehov går òg fram. Kapittel 2 syner utviklinga av utgiftene under dei einskilde departementsområda. Kapittel 3 omtaler resultatet og utviklinga i Statens pensjonsfond. Kapittel 4 syner hovudtal i statens balanse (kapitalrekneskapen) med notar til viktige endringar. Kapittelet syner òg statens renteinntekter og -utgifter og statens garantiansvar.
Løyvingsrekneskapen syner utfallet i statsbudsjettet for kvar budsjettpost. Rekneskapsførte utgifter og inntekter, overført løyving frå forrige år, samla løyving og overført løyving til neste år går fram, jf. vedlegg 2.1 og 2.2 i meldinga.
Kapitalrekneskapen syner statens finansielle balanse med mellom anna statens kontantbehaldning, Statens pensjonsfond, aksjebehaldning, utlån frå statsbankane og statsgjelda, jf. vedlegg 3.1 i meldinga.
I vedlegg 1-5 i meldinga finst òg fleire tilleggsspesifikasjonar til rekneskapen som følgjer av krava i Stortingets løyvingsreglement §13.
Tabell 1 |
Saldert |
Nysaldert |
Rekneskap |
A) Oljekorrigert underskot |
209,0 |
212,5 |
208,4 |
B) Strukturelt, oljekorrigert underskot |
195,2 |
199,8 |
196,6 |
C) Strukturelt underskot i pst. av fondskapitalen |
2,8 |
2,7 |
2,6 |
D) Budsjettimpuls, prosentpoeng |
0,7 |
0,8 |
0,6 |
E) Reell underliggjande utgiftsvekst (pst.) |
3,2 |
3,0 |
2,6 |
F) Overskot på statsbudsjettet utan lånetransaksjonar |
0,0 |
0,0 |
4,1 |
G) Overskot i Statens pensjonsfond |
204,7 |
109,3 |
108,9 |
H) Overskot på statsbudsjettet og i Statens pensjonsfond |
204,7 |
109,3 |
113,0 |
Tabell 2 |
Frå |
Frå |
Frå |
Auke i det oljekorrigerte underskotet |
23,1 |
-0,6 |
-4,1 |
Netto inntektsendringar |
29,7 |
-9,5 |
1,2 |
Av dette: Skattar og avgifter |
24,2 |
-15,4 |
-0,1 |
Inntekter frå forvaltningsverksemdene |
-0,1 |
0,3 |
0,2 |
Renteinntekt og utbyte utan Statoil |
-6,8 |
-1,9 |
-0,2 |
Overføring frå Noregs Bank |
16,2 |
11,8 |
0,0 |
Meirinntekter som heimlar meirutgifter |
-0,1 |
1,2 |
1,2 |
Andre inntekter under departementa |
-3,6 |
-5,5 |
0,2 |
Netto utgiftsendringar |
52,8 |
-10,1 |
-3,0 |
Av dette: Folketrygda, inkludert dagpengar |
16,6 |
-2,5 |
-0,7 |
Renteutgifter, statsgjeld |
-0,4 |
0,1 |
0,3 |
Andre utgiftsendringar (netto), medrekna utgifter heimla i meirinntekter |
36,6 |
-7,8 |
-2,6 |
Tabell 3 |
Statens |
Statens |
Samla |
Netto kontantstraum |
124,8 |
- |
124,8 |
- Overført statsbudsjettet |
212,5 |
- |
212,5 |
+ Renter og utbyte |
189,0 |
7,7 |
196,6 |
= Overskot |
101,2 |
7,7 |
108,9 |
Kapital per 31.12.2015 |
7 460,8 |
198,4 |
7 659,2 |
+ Overskot |
101,2 |
7,7 |
108,9 |
+ Valutakursregulering |
-306,1 |
- |
-306,1 |
+ Realiserte/urealiserte vinstar/tap |
254,0 |
6,2 |
260,1 |
= Kapital per 31.12.2016 |
7 509,9 |
212,3 |
7 722,1 |
Endra verdi fondskapital |
49,1 |
13,8 |
62,9 |
Tabell 4 |
Rekneskap 2015 |
Saldert |
Nysaldert |
Rekneskap 2016 |
|
1. |
Statsbudsjettet |
|
|
|
|
A |
Inntekter i alt |
1 227 409 |
1 252 490 |
1 158 390 |
1 162 481 |
A.1 |
Inntekter frå petroleumsverksemda |
247 212 |
233 087 |
149 671 |
152 594 |
A.2 |
Inntekter utanom petroleumsverksemda |
980 197 |
1 019 403 |
1 008 719 |
1 009 888 |
B |
Utgifter i alt |
1 194 464 |
1 257 397 |
1 249 234 |
1 246 091 |
B.1 |
Utgifter til petroleumsverksemda |
28 955 |
29 000 |
28 000 |
27 815 |
B.2 |
Utgifter utanom petroleumsverksemda |
1 165 509 |
1 228 397 |
1 221 234 |
1 218 276 |
|
Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2) |
-185 312 |
-208 994 |
-212 516 |
-208 388 |
+ |
Overført frå Statens pensjonsfond utland |
186 063 |
208 994 |
212 516 |
212 516 |
= |
Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar |
751 |
0 |
0 |
4 127 |
2. |
Statens pensjonsfond |
|
|
|
|
|
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland |
218 256 |
204 087 |
121 671 |
124 779 |
- |
Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet |
186 063 |
208 994 |
212 516 |
212 516 |
+ |
Renteinntekter og utbyte i fondet |
192 008 |
209 600 |
200 100 |
196 629 |
= |
Overskot i Statens pensjonsfond |
224 201 |
204 693 |
109 255 |
108 892 |
3. |
Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond |
|
|
|
|
|
Samla overskot |
224 953 |
204 693 |
109 255 |
113 020 |