Trygge rammer for god behandling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 09.10.2015
For å hindre at pasientar tek med seg gjenstandar eller stoff som kan skade dei sjølve eller andre, opnar Helse- og omsorgsdepartementet for fleire sikkerheitskontrollar i det psykiske helsevernet.
- For at behandlinga skal vere god, må pasientar og tilsette føle seg trygge. Derfor foreslår me at det skal bli enklare å kontrollere om pasientar har med seg farlege gjenstandar eller rusmidlar til staden der dei skal få behandling, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.
Det er ikkje uvanleg at pasientar har med seg farlege gjenstandar og rusmidlar på institusjonar i det psykiske helsevernet, særleg på dei akuttpsykiatriske avdelingane. Sjølvdrap, valdelege og trugande episodar og forsøk på å starte brann er ikkje uvanleg. Dette inneber at pasientane får mindre utbyte av behandlinga og at tilsette og pasientar kjenner seg utrygge.
Helse- og omsorgsdepartementet sender derfor på høyring eit forslag om å utvide tilgangen til å gjennomføre sikkerheitskontrollar i det psykiske helsevernet. Forslaget inneber at det skal kunne innførast rutinekontrollar og at mogelegheit for kontroll ved grunngjeven mistanke blir utvida.
Institusjonar for døgnopphald skal kunne innføre rutinekontroll av person (kroppsvisitasjon) og eigedelar når pasienten kjem til institusjonen. Føremålet skal vere å hindre innføring av legemiddel, rusmiddel, skadelege stoff, rømmingshjelpemiddel og farlege gjenstandar. I dag kan slik kontroll berre gjennomførast når det ligg føre ein konkret mistanke om innføring av noko som kan utgjere ein sikkerheitsrisiko.
Alle pasientar som kjem til ein institusjon i det psykiske helsevernet, uavhengig av om det dreier seg om døgn-, dag- eller poliklinisk behandling, skal kunne kontrollerast når det ligg føre ein grunngjeven mistanke om at pasienten har med seg noko som kan utgjere ein sikkerheitsrisiko for dei sjølve, andre pasientar eller tilsette. I dag er lovheimelen for slik kontroll avgrensa til institusjonar for døgnopphald.
Forslaga gjeld både for pasientar som er frivillig innlagte og pasientar som er innlagte til tvungent psykisk helsevern.