Statsbudsjettet 2020:
2000 fleire og betre heildøgns omsorgsplassar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 07.10.2019 | Sist oppdatert: 13.01.2020
For å bygge fleire og betre heldøgns omsorgsplassar i sjukeheim og omsorgsbustad føresler regjeringa å legge til rette for tilskot til om lag 2000 fleire og betre heldøgns omsorgsplassar i 2020. Tilsagnsramma er på 3,6 milliardar kroner.
– Menneske med omsorgsbehov skal vere trygge på at dei får eit godt og verdig tilbod når dei treng det. Gjennom våre budsjett har denne regjeringa difor lagt til rette for at det kan byggast og moderniserast eit rekordstort antal heildøgns omsorgsplassar, seier eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug.
I 2014 styrka regjeringa ordninga ved å auke staten sin andel frå 35 til 50 prosent ved bygging og modernisering av plassar.
- Antal plassar det vert innvilga tilskot til har auka betrakteleg sidan 2014. Vi har sidan 2014 allereie lagt til rette for om lag 15 500 fleire og betre plassar, og i 2020 legg vi til rette for ytterlegare 2000 plassar, seier Listhaug.
I åra framover vil det vere stort behov for fleire heildøgns omsorgsplassar. Halvparten av tilsagnsramma skal gå til rein netto tilvekst av plassar. Det resterande tilsagnsbeløpet skal gå til rehabilitering og utskifting av eksisterande plassar.