Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helseminister Bent Høie besøker luftambulansebasen i Tromsø tysdag 27. august

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

I samband med reise til Troms vil helseminister Bent Høie besøke luftambulansebasen i Tromsø tysdag 27. august kl. 07.45-08.30.

Høie vil få ei orientering om status for luftambulansetenesta frå Luftambulansetjenesten HF. Representantar frå operatøren Babcock vil også vere til stades

Pressa er velkomen til å delta.

Stad: Flyplassveien 96. Inngong ved hovedporten til Avinor som ligg ved kontrolltårnet. (Møt opp i god tid grunna tryggleikskontrollen.)

Grunna tryggleikskrav må journalistar som ønsker å delta melde frå til Helse- og omsorgsdepartementet innan kl. 11.30 i dag måndag 26. august. Vi treng fullt namn og fødselsdato.

Send svar til: andreas.keus@hod.dep.no.