Inviterer til innspillmøter om allmennlegetenesta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 14.11.2019 | Sist oppdatert: 10.01.2020
Våren 2020 skal regjeringa legge fram ein eigen handlingsplan for allmennlegetenesta i kommunane. Helse- og omsorgsdepartementet ynskjer innspel til planen.
Handlingsplanen vil innehalde ulike grep for bl.a. å ruste fastlegeordninga for framtida. Helse- og omsorgsdepartementet inviterer pasientar og brukarar, fastlegar, leiarar i kommunen og andre til å gje innspel på korleis vi skal sikre ei moderne og framtidsretta allmennlegeteneste.
Innspillmøta vil bestå av foredrag, plenumsinnspel frå brukarar, representantar for fastlegar og kommunar, gruppeoppgåver og høve for alle til å kome med innspel og å stille spørsmål.
Tid og stad:
- 17. oktober i Stavanger
- 21. oktober i Gjøvik
- 8. november i Oslo
- 15. november i Kirkenes
Påmelding og meir informasjon om møta